Ny «FolkRekrutt»

Nytt av året er at ungdom frå heile Gudbrandsdalen er velkomne til å vera med.

Mari Midtli håpar på at mange i alderen 10-18 år ynskjer å delta på årets «FolkRekrutt». Foto: Tom Erik Solstad

Finale: «FolkRekrutt» i aksjon under Vågåkvelden i fjor. Arkivfoto/Fjuken

Nyheter

Prosjektet «FolkRekrutt» er retta mot alle mellom 10 og 18 år som likar folkemusikk og folkedans.

– Er du i denne alderen og spelar eit instrument, eller har lyst til å lære deg folkedans eller folkesong, er dette noko for deg, seier Mari Midtli.

Ho står i bresjen for «FolkRekrutt», som er eit rekrutteringsprogram for vidarekommande unge folkemusikarar, som har som mål å drive opplæring av barn og unge innan tradisjonsmusikk og -dans, på tvers av kommunar og regionar i dalen.

Tredje år

Dette er tredje året «FolkRekrutt» blir gjennomført, og nytt av året er at unge frå heile Gudbrandsdalen får høve til å delta.

– Dei to førre åra var det berre dei i Nord-Gudbrandsdalen som fekk delta, seier Mari Midtli.

Årets budsjett er på heile 390.000 kroner, og gjennom i alt tre samlingar blir dei som melder seg på prosjektet kursa av nokre av landets fremste utøvarar på sine instrument. På kvar samling får ein også treffe ein tradisjonsberar, som kjem for å lære bort noko frå bygda si.

Samlingane går frå laurdag føremiddag til sundag ettermiddag. I tillegg til kursing blir det dansefest, konsert og workshop på samlingane. Fyrste samlingshelg er på Vinstra vidaregåande skule 11.-12. november. 6.-7. januar er det samling på Vågåmo skule, og «FolkRekrutt» blir avslutta med samling og avslutningskonsert på Jørstadmoen skule på Lillehammer 10.-11. mars.

Et supplement

Mari Midtli håpar mange melder seg på årets «FolkRekrutt», men understrekar at deltakarane må ha spelt instrument i minst to år for å kunne delta. Dette gjeld ikkje song og dans.

Årets undervisningstilbod er folkedans, vokal, trekkspel, toradar, fele og masterclass. Sistnemnde er eit tilbod for dei mest erfarne, som ynskjer å bli betre i samspel med andre instrument.

«FolkRekrutt»-sjef Mari Midtli fortel at prosjektet er meint å vera eit supplement til kulturskulen.

– Det er viktig å få fram at vi har eit godt samarbeid med kulturskulane, og at «FolkRekrutt» ikkje skal vera noko erstattar eller konkurrent for dei viktige kulturskulane, seier Mari.

Påmeldingsfristen er 27. oktober, og skjer via heimesida til «FolkRekrutt».