Lesja kommune registrerer no kulturminner etter krigen, i samarbeid med Dovre og Lesja Krigsminnesamling. Alle stader har ei heilt spesiell historie, men ein av stadene er ekstra spesiell.

- Vi lurte på kva som skjedde den sommaren, fortel Ove Nørstegård.

Historia Nørstegård pratar om, er sjølvopplevd av sambygdingen Helge Vorkinn, som nå har gått bort. Han har skrive om denne i historia i årsskift for Lesja historielag.

Vorkinn var på hesteleit sommaren 1945. Det var i midten av juli, varmt og tungt å gå. Han var ned Nesåe ved Lordalen, da han plutseleg fekk auge på ein kjetting. Dette fann han besynderleg, for blanke, fine kjettingar var ikkje kvardagskost på denne tida. Han ville henge opp kjettingen, men i det han drog i den skvatt han. Der spratt det opp ein stor svanehals rovdyrsaks som var nedgrove midt i stien. To skritt til sida, og han hadde hamna midt i saksa. Ferda gjekk vidare, og da han kom ned på flata fekk han høre at det banka på andre sida av åa. Ein haug med material var å sjå, og han såg ein person som spikra på ein vegg. Da kom han på fleire historier han hadde høyrt - folk på fisketur hadde set ein framand person som gøymde seg når det kom folk. Nokre påsto at det hadde forsvunne både reiskap og matvarer.

- I Grønkjelda forsvann det to knivar som kjevlet hang på i eldhuset. Knivane var erstatta med to pinnar, fortel Nørstegård.

Telefon frå lensmannen

Da Vorkinn kom heim hadde dei vanskeleg for å tru på det han sa. Han bestemte seg for å ikkje prate om det, men på eit eller anna vis måtte nokon ha prata. Tidleg neste morgon kom det telefon frå lensmann Renolen. Han kunne fortelje at det var rømt ein tysk soldat frå oppsamlingsleiren på Dombås, og dei rekna med at Vorkinn hadde sett karen dei leitte etter. Fem engelske soldatar skulle sendast til Lora for å ta hand om han, Vorkinn måtte vera med som kjentmann.

Soldatane møtte opp i full mondur, med Stengun over aksla og handgranatar i beltet. Dei gjekk på god avstand frå Nesåe, for så å svinge mot åa og følgje ho nedover.

- Hadde vil fylgd åa oppover ville vi kunne koma heilt ut på taket på hytta før vi ville ensa noko, skriv Vorkinn.

Skrivabrød og matlager

Etter ei tid fekk dei sjå staden. Det var ingen person å sjå. Vorkinn fekk beskjed om å halde seg bakerst saman med sjefen. Dei fire andre soldatane rykte fram på line mot hytta. Det var ikkje livsteikn før ein av soldatane gjekk inn døra med børsa på hofta. Han kom ut med ein person. Ein mann liten av vekst og kledd i berre kortbukse og tøysko. Han var velstelt og nybarnert. Vorkinn og soldatane sto rundt han i ein halvsirkel, og det var teke eit kort forhør.

- Blid og godsleg svara han greitt på alt han vart spurt om. Han såg ikkje ut som noko banditt, skriv Vorkinn.

Inne i hytta var det mat og reiskap av alt slag. Blant anna ein stor stabbe med skrivabrød. Mellom to tre hang det nyslakta sauekjøtt til tørk, og inne i hytta heldt han på å lage seg ei geværkolbe. Vorkinn skriv at soldaten såg lenge på han, som einaste sivile.

- Han var sikkert like glad som eg for at krigen var slutt. Forskjellen var at han måtte gå i fangenskap, sjølv om han sikkert hadde hatt det verre enn eg, også fram til freden. Han hadde sikkert også like lite skuld i krigen som eg, skriv Vorkinn.

Alt han hadde fått tak i vart samla i ein stor strisekk, som han måtte bære med seg fram til bilen.

- Han hoppa som ein katt på steinane over åa, vi andre hadde nok med å berge oss over utan noko å bæra, skriv Vorkinn.

Kva som skjedde med den tyske soldaten er ikkje kjend.

Berre nokre plankar er att av synlege spor. Tyskeren fekk tak i alt han trengde ved å stjele frå gardar i området. Foto: Rune Nørstegård