Dovre bygdekvinnelag markerte dette ved å ha stand på samvirkelaga både på Dombås og Dovre. Her serverte dei varm og smakfull suppe til dei som vil ha. Suppa har ei farge som skil seg ut frå andre supper. Den ser ut som raud saft.

- Det kjem av rødbetene som er i suppa, fortel bygdekvinnene.

Dei vil slå eit slag for norske grønnsaker, og påpeiker at det folk vel å ha på sine middagsbord har store ringverknader.

- Å auke inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst, forebygge overvekt, diabetes, hjertesjukdom og visse former for kreft, seier dei.

Dei vileser også til at bruk av norske grønnsaker er viktig for klimaet, og er bærekraftig mat.

Viktig fokus

Verdens matvaredag skal skape merksemd rundt behovet for å skaffe tilstrekkeleg og næringsrik mat til alle.

795 millioner menneske, eller om lag 13 prosent av verdas befolkning, er ramma av svolt. Kvart år dør nærare 3 millionar barn under 5 år som følge av svolt eller svolt-relaterte årsaker. Nesten 2 milliardar menneske opplev i periodar manglande matsikkerheit, skriv FN på sine heimesider.

Her er oppskrifta på suppa:

Oppskrift på grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa

Ingrediensar til fire porsjonar:

2 raudbetar

2 mellomstore lauk

2 gulrøter

2 mellomstore poteter

1 persillerot

2 blader grønkål

Ei klype tørka timian

1 laurbærblad

Salt

Slik gjer du:

1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjær raudbetar, lauk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjær blada i tynne strimler.

2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkål, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Ha i timian, laurbærblad og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoke i 15-20 minutter til alle grønsakene er møre. Tilsett grønkål rett før servering.

Tips!Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøtsmak kan du gjerne koke med 4-6 skiver bacon skore i ter­ningar eller ha i eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege. Raudbetane i denne oppskriften gjev suppa smak og ikkje minst farge, men det kan også utelatast til fordel for ei ¼ lita kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg fram til nettopp di favorittsup­pe, og husk at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.