Lesja bibliotek er i gang med ei ny runde av menn i uniform som les for barn. Denne gongen er det elektriker Hans Olav Lusæter frå Lesja Dovre Elektro som besøkjer barnahagane på Lesja og Lesjaskog.

Det var ikkje berre bøker han hadde med seg. Lusæter hadde med seg utstyrskassa si inn, og ikkje minst synte han fram alt det rare han hadde i lommene. Det var hammarar, skrujern og spesialutstyr. Og det merkelege var at nesten alle ungane på avdelinga Hovdan på Lesjaskog kunne fortelje at akkurat slik som den der hadde fedrene deira også. Mengda elektrikarar blant menn vest i Lesja ser ut til å vera større enn blant befolkninga ellers, skal ein tru ungane i barnehagen. Det kan i alle fall bli mange, for det var mange som retta opp handa på spørsmål om dei ville bli elektrikarar.

Bra med besøk

Frå då han gjekk på skulen hugsar Lusæter at det var interessant å få besøk frå fagfolk utanfrå. Derfor ville han gjerne vise og fortelje noko meir om jobben sin til ungane.

- Her er dei små, men når vi er rundt på skulane er det klart vi tenkjer på rekruttering av folk når vi fortel om jobben, seier han.

Han hadde også ein tanke om at det ville bli meir interessant for ungane, når det var spennande ting å syne fram.

- Dette vil vi anbefale. Vi les mykje bøker, men det vert noko heilt anna når vi får besøk og ungane får sjå på spennande ting, seier Isfrid Vigenstad Lien i Lesjaskog barnehage.