Korleis kunne dette namnet bli til akkurat her? Vi må attende til slutten av 1950-åra, eller starten av 1960-åra, for å finne svaret. Og ein av dei få som veit dette, er Magne Botten.

Krigsfilm

– I 1957 kom filmen Broen over Kwai på kino. Kva tid filmen gjekk på Dovre kino er eg ikkje sikker på, men det var vel helst eit par-tre år seinare. I alle fall var eg der, fortel Magne.

Filmen handla om at britiske krigsfangar bygde ei jernbanebru over elva Kwai. Brua var ein del av jernbanen frå Thailand til Burma, og vart i ein del samanhengar kalla Burmavegen.

– Ei tid etter at eg og mange andre hadde vore på Dovre samfunnshus og sett filmen, var eg på same stad på fest. Der var også ein nabogut, og utpå natta skulle vi koma oss heimatt til Bottgrenda, fortel Magne.

På vegen som førte opp i grenda, var det noko vegarbeid.

– Om vi fekk skyss med nokon som hadde bil, eller om vi tok drosje, hugsar eg ikkje. Men da vi kom til avkøyringa ved Nymosvingen, fekk sjåføren beskjed om vegen vidare av naboguten:

– Køyr Burmavegen!

– Det var nok første gongen namnet vart nemnt om denne vegstubben, ler Magne.

Fleire tok namnet i bruk

Magne tykte at dette var eit artig påfunn, og fortalde historia vidare til kameraten, Arne Skomakerstuen. Saman vart dei enige om at dei heretter skulle kalle vegen for Burmavegen.

– Noko stort gjennomslag fekk vi nok ikkje for namnet, men litt etter litt vart det fleire som tok det i bruk, fortel han.

Så har tida gått. Vegen oppi Bottgrenda vart vidareført til Brenngrenda og seinare heilt til Dovreskogen. Namnet har etter kvart fulgt med vegen, og nå er det Burmavegen som er det offisielle namnet.

– Rart kva litt lystig festprat kan føre til, smiler Magne.

Han fortel at Bottgrenda nå og da vart kalla Burma. Også dette namnet strauk sørover. Og nå bur visst dei fleste mellom Ilka og Dovreskogen i Burma.

– Det heiter at namnet skjemmer ingen. Men det er kanskje dumt at dei gamle namna, som fortalde ei historie om opprinninga til Bottgrenda og Brenngrenda blir borte. Og det seier ein av faddarane til namnet Burmavegen, flirar han.

broen over kwai: Brua over Kwai var ein del av jernbanen frå Thailand til Burma, og vart av og til kalla Burmavegen. Her bilde av filmplakaten.