Det starta med eit besøk hjå fotpleiaren. Ho oppdaga at den eine leggen var tjukkare enn den andre, og oppmoda Magne Lønstad (74) om å ta ein sjekk hjå legen. Magne hadde ikkje følt seg dårleg på noko måte, men tok oppmodinga på alvor.

- Eg hadde ikkje tenkt over at det var noko. Eg var som eg hadde vore, seier Magne.

Eit par veker seinare var han på plass på Lesja legekontor, der dei blant anna tok ei blodprøve for å sjekke PSA- nivået.

Første turen

Første turen til sjukehuset på Lillehammer var 16.oktober i fjor. Sjølve diagnosa fekk han på sjukehuset den 26.oktober. Nukleære bilete av skjelettet var teke, det var også teke biopsiprøver. CT av mage og bringe tok dei også. Da fann dei ut at kreften hadde spredt seg frå prostata til ei åre i lymfesystemet. Dei fann blant anna ein kul på halsen.

- Eg hadde ikkje lagt merke til den før, men når dei sa det så kjende eg det godt, seier han.

Så gjekk det slag i slag med behandling. Det første var sprøyter med hormonhemmarar som senkar testosteronnivået, bremsar veksten i kreftcellene og betrar symptoma.. Friske kreftceller i prostata treng testosteron for å vekse.

- Dette skal vi klare

19. januar i år starta han på cellegift.

- Den eine legen sa med ein gong at dette skulle vi greie, fortel Magne.

Seks doser fekk han, den siste den 2. mai. Da kunne legane konstatere at dei hadde fått bukt med kreften i lymfesystemet. Kreften i prostata er ikkje borte, men den er under kontroll.

Sjølve kuren gjekk fint, men han har ikkje kome seg attende i like god form som han var i før. Kroppen er svakare, og han orkar ikkje så mykje som før. Turane er ikkje like lange, men han er bevisst på å halde seg i aktivitet.

- Eg har ikkje same krafta som før. Og det får eg nok ikkje heller, seier han.

Han har vore gjennom undersøkingar att i haust, og får hormonhemmarar for å halde det i sjakk.

Det var ikkje vanskeleg å fortelje om diagnosa.

- Det sa eg no berre rett fram, seier han.

Naturleg å fortelje

Magne trur dei fleste i heimbygda Lesja veit at han har kreft, og han meiner det ikkje er noko å halde hemmeleg.

- Det er naturleg å fortelje kvifor eg er dårleg. Og det forklarar også kvifor eg ikkje får gjort så mykje, seier han.

Tanken om kreftdiagnose har alltid vore der. Både systera og faren døydde av kreft etter å ha vore sjuke i berre kort tid. Begge var berre 60 år gamle.

- Vi fekk aldri heilt greie på det, men eg trur nok det var som prostatakreft det starta hjå far også, seier Magne.

God behandling

Han er imponert over behandlinga han har fått, og kor fort det gjekk. Han blir godt teke vare på av Lillehammer sjukehus, og har fått gode svar på det han har lurt på. Han har møtt mange ekspertar innan både urologi og kreft, og er stadig innom legekontoret på Lesja for ein sjekk.

Kreften har blitt ein del av kvardagen, utan at det pregar kvardagen. Det er legetimar og tester å halde styr på, ellers kan han leve omtrent som før. Om det ikkje går så raskt som før, så blir det gjort. I sommar har han skifta kledning på ein vegg på heimgarden i Snertingdalen. Han har gjort klar vinterveden. Fleire veggar står for tur, saman med andre planar. På garden er det to bustadhus, ei driftsbygning og eit uthus, så han vert ikkje arbeidslaus med det første.

- Drivkrafta og lysta til å gjere noko er der. Legane sa at dette kom eg til å leve godt med i mange år. Og dei fekk rett i det, seier han.