Det er så mykje som må ordnast i tida før jul, og julestria blir ikkje mindre strid av at alt må dokumenterast og delast på sosiale media.

– Kjennest ikkje det heile litt fake? Kvar vart det av julebodskapen, spør Endre Skjåk.

Han er ein av aktørane når Jotunheimen Underholdning inviterer til juleshowet «Fake Christmas» i Otta kulturhus fredag 24. og laurdag 25. november, og i Utgard i Lom fredag 1. og laurdag 2. desember.

Resten av ensemblet består av Lars Bakke, Viggo Didriksen, Ole Foss, Reidar Svare, Pål Svindland, Eldri Tofte og Veronika Wolf, alle svært scenevande.

– Dette er eit musikalsk show i revysjangaren, for eit vakse publikum. Framsyninga kan gjerne nyttast som «vorspiel», med eit julebord i etterkant av showet, fortel Endre Skjåk til avisa Fjuken.

Han garanterer ikkje publikum finn att julebudskapet når dei kjem på førjulsshowet, men lovar juletoner, julelatter og kanskje bittelitt sprø jule-ettertanke på toppen.

Alt av tekstar til det halvannan time lange juleshowet er eigenskrive.