Prisnominasjon til Dalheim

Sopran Ingeborg Dalheim er nominert til stor europeisk pris.

Ingeborg Dalheim er sanglærar ved Vinstra vidaregåande skule, og utøvande klassisk sanger. Ho er nominert til ei av klassene i ICMA gjennom deltaking i eit verk med fleire medverkande.Foto: Anne Marie Aa.

Nyheter

Sanglærar Ingeborg Dalheim frå Oslo/Dovre er nominert til ein internasjonal pris, gjennom si deltaking i ei innspeling av verk etter den nederlandsk-østerrikske komponisten Heinrich Isaac. Innspelinga er eitt av 19 nominerte verk i kategorien for "Early Music", det vil seie musikk komponert før 1600, uavhengig av sjanger.

Dette melder avisa Dølen.

Dalheim er lærar på musikk- og danselinja på Vinstra vidaregåande skule.

- Ein av våre dyktige sanglærarar, Ingeborg Dalheim, er nominert til International Classical Music Awards, skriv Vinstra vidaregåande skule på sine nettsider. 

Dalheim har vore med på ei innspeling av "Henricus Isaac - Nel tempo di Lorenzo de'Medici & Maximilian I" . Innspelinga er ein av 19 nominerte verk i klassa "Early Music".

Prisane i ICMA er delt ut etter vurderinga til ein jury, sett saman av medlemmar frå nærare 20 europeiske land.