I fleire år har Dombås skule i faget kunst- og håndverk laga eit produkt med utgangspunkt i kunst i nærmiljøet. Dermed har mange elevar hente inspirasjon frå hovudet på bysta av Lars Moen, som stod utanfor Dovre ungdomsskule. No er den ikkje lengre der, og barneskulen lurer på kor Lars er blitt av.

– Tidlegare sto han plassert utanfor Dovre Ungdomsskole. I år vart dette eit meir utfordrande oppdrag. For kvar er Lars Moen blitt av, skriv lærer Ingrid Aalbu Sønstebø til Vigga.

Naturleg grunn

Inge Angård, plan- og næringssjef i Dovre kommune, avslører at det er ein heilt naturleg grunn til at bysta av Lars Moen er borte.

– Den er på lager før den blir plassert ved rett stad. Når vi skal flytte den att skal den stå på oversida av Dovre ungdomsskule, seier Angård.

Bysta av Lars Moen står på lagring ved Sidesporet på Dombås, og no medan det er vinter kan ikkje kommunen sette bysta på plass, men på våren reknar Angård med han den står ved skulen.

– Vi måtte bli ferdig med borebrønnane, det var derfor vi flytta den, men til våren er den på plass att, fortel han.