Bøtteballetten, beståande av Lilli Bjølverud og Ragnhild Bryggen, baud inn til kakefest for elevar og lærarar, saman med fagforeininga Delta. I langgangen på skulen var det pynta og dekt opp med både kaker og vaflar.

Gjere noko ekstra

- Det fleire som har gratulert oss med dagen i dag, fortel Ragnhild.

Dei to synes det er artig å gjere noko ekstra, og ville gjere litt stas på seg sjølve.

- Dessutan vert det artigare å vaske når det verkeleg vises at vi har vaska, spøker Lilli og siktar til kakesmulane på golvet.

Viktig yrkesgruppe

- Samfunnet stoppar opp om vi ikkje har reinhaldarane. Dei gjer ein viktig jobb i samfunnet, og det vi må setje fokus på. Det er ei yrkesgruppe som vi tek litt for gitt, seier hovudtillitsvalgt for Delta i Lesja, Anita Rogne Nilsen.

Det er ikkje berre på reinhaldaranes dag dei er viktige miljøskaparar på skulen. Da elevane kom på skulen 1. desember hadde dei sydd julegardiner og puter, og pynta i gangen. Dei hadde også laga julekalender, og heimelaga julepynt av kongler.

Populær krok

I vår hadde dei høgtideleg opning av ”Pausekroken”. Dette er ein ide som kom ein solskinsdag dei satt på pauserommet sitt i kjellaren på skulen. Dei ville gjerne ha ein fin plass å sitje utandørs, men ville gjerne dele det med elevane. Dermed vart måla møbler i knæsje fargar, og laga ein koseleg krok. Utan at nokon visste om det, inviterte dei til høgtideleg opning, der dei hadde baka kanelsnurrar til alle elevar og tilsette.

- Pausekroken skal vere ein stad for alle som treng ei pause, seier dei to vaskedamene.

Plassen er svært poplulær. Dei to har lagt ut gjestebok som viser godt besøk, også i sommar.

- Det har kome helsing frå ein framand familie der også, i løpet av sommaren, fortel dei.

Brukast til alt

- Eg synes det er artigare å gå på jobb når vi kan gjere det lille ekstra, seier Ragnhild.

Dei to vaskedamene er ein viktig del av skulekvardagen. Dei gjer ikkje berre reinhaldet, men må like gjerne knyte sko, tørke rennande naser og vere litt sosialarbeidarar.

- Eg trur ungane set pris på det også. Hvis du ordnar litt med ungane, er dei trivelige attende, seier Lilli.

Godord frå dei andre

Ungane set pris på ekstra innsatsen dei to gjer.

- Dei er snille og flinke til å pynte, seier elevane i 2.klasse.

- Dei er hyggelege å snakke med. Det dei gjer er heilt perfekt, det er vi som burde lage kake til dei, seier elevane i 7.klasse.

Dei fortel om pynt med graskar til Halloween, og pynt til påske også.

- Vi har verdas beste reinhaldarar, slår 7.klassingane fast.

Rektor Nina Anseth Furuheim er enig med elevane sine.

- Våre reinhaldarar er jo unike, synes vi, fordi dei heile tida gjer det lille ekstra for å gjere det triveleg på skulen. Dessutan er dei alltid i godt humør og sprer glede rundt seg, og det gjer det vel lettare både for vaksne og barn å halde garderober og klasserom ryddig. Det er vel ein vinn-vinn-situasjon, seier rektoren.

Kakekø: Like lang kakekø på reinhaldaranes dag som på 17. mai. Nesten.