- Det er ein tradisjon eg har lært av mor mi, fortel Jorunn Svendsgard, der ho står over takka i baksthuset sitt.

Vante hender handterer dei rundt 40 centimeter store leivane med mjølkelefse, som nennsamt krotast først på den eine sida, deretter på den andre.

- Om eg lurer på noko, ringer eg berre til Kari Lindsø. Ho brukte på å hjelpe mor mi i eldhuset, seier Jorunn.

Ho kjenner ikkje til andre i bygda som baker storskrivabrød.

- Men det hadde vore artig å høyre om det er andre som gjer det, seier ho.