Fleire overnattar på dette hotellet

Dombås hotell har hatt ein særs god månad.

Dombås hotell har hatt stor økning i antall overnattingar i oktober, sammenlignet med samme måned i fjor.Foto: Håkon Wikan

Hotellsjef og eier Sveinung Lianes trur omsetninga kjem til å dobles når året er omme.Foto: Håkon Wikan

Nyheter

– Eg hadde ein veldig god oktobermånad, seier hotellsjef Jan Krokedal til Vigga.

Ein fersk statistikk frå Statistisk Sentralbyrå syner at antalet norske hotellovernattingar gjekk opp med fem prosent frå oktober 2016 og enda på 1,4 millionar i oktober 2017. I det same tidsrommet gjekk talet på utanlandske overnattingar ned to prosent, til 339 000 overnattingar.

Stor økning

Dette er ikkje noko unnatak for Dombås hotell. Hotellet hadde 11,65 prosent auke i oktober i år, samenlikna med oktober i fjor. I oktober i 2017 overnatta 1 338 personar og i fjor var det 1 208.

– Eg synes det er veldig bra. Arbeidsfolka som er her set utruleg pris på hotellet, forklarar Krokedal.

Dombås hotell var ei av bedriftane som vart kåret til gasellebedrift i Dovre, men Krokedal trur ikkje at den aukande overnattinga har vore ein del av dette.

Doblet omsetning

For Bjorliheimen hotell har det også auka med antal overnattingsgjestar. Hotellet har med 15 prosent fleire overnattingar samanlikna med 2016.

– Det eg veit er at vi har hatt mykje jevnare besøk, i tillegg har vi hatt ei stor gruppe som har vore her ein del, seier hotellsjef og eier Sveinung Lianes.

Hotellet har hatt 400 fleire overnattingsdøgn sammenlignet med 2016.

– Det er klart at når ein jobbar i ei slik bransje, da vil ein ha fleire gjestar. Dette har vore eit fantastisk år for oss. Vi kjem nok til å doble omsetninga, sier han.

Færre campingovernattingar

  • 169 000 overnattingar i oktober 2017

  • 14 prosent nedgang sidan oktober 2016

  • Norske overnattingar gjekk ned 17 prosent

  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 7 prosent.

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 108 000 overnattingar
  • 5 prosent nedgang frå oktober 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 7 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 3 prosent.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå