Det er åttandedelsfinale i Handball-VM for kvinner. Sigrid Trøite Thøring er på besøk hjå venninna Ragnhild Nordsletten for å sjå på kampen.

- Du har vel med deg hørselvern, seier Ragnhild spøkefullt til journalisten.

Bakgrunnen for spørsmålet er eit besøk Sigrid hadde på Nordsletten i samme ærend for mange år sidan. Da var det slik hoiing og skriking under kampen, at barnebarnet som bur i etasja over lurte på kva i alle dagar som gjekk føre seg. Det er ikkje så rart at Sigrid er engasjert. Ho kan skilte med 25 landslagskampar, og fleire NM-titlar med handballaget Skogn. Sidan ho spela sin siste landskamp i 1966, har ho vore brennande engasjert i sporten. Det har vorte fleire turar til mesterskap for både damer og herrer, og engasjementet er like stort framfor skjermen. Denne kvelden er det Norge mot Spania. Det er vinn eller forsvinn for Norge.

Publikumsrekord

Sigrid hugsar godt ein av kampane ho spela i Skogn. Den gongen gjekk alt av handballkampar utandørs, og det var 5000 tilskuarar på Skogn stadion da trønderjentene møtte eit lag frå Oslo. Året etter var Sigrid endeleg gammal nok til å få vere med på laget i ei NM-finale. 16 år gamle Sigrid og Skogn møtte Skjeberg på Sarpsborg stadion i 1959. Dei spela på grasbane, og måtte spele med knottsko. Kampen ga årsrekord på Sarpsborg stadion, med over 4900 ivrige tilskuarar.

- Vi vann 4-1. Det var heilt andre resultat den gongen, seier Sigrid.

Den siste kampen ho spela på landslaget var mot Vest-Tyskland. Landslagtida tok ho også til Aust-Tyskland, eit land ho beskriv som lite triveleg.

- Vi spela i Magdeburg først på 60-talet, og Aust-Tyskland vann 18-3. Dei var dobbelt så høge og dobbelt så sterke som oss. Det kunne kanskje vore jamnt om dei hadde spela mot herrelandslaget, ler Sigrid.

Stigande spenning

Men attende til dagens kamp. Spenninga stig jo nærmare kampstart vi kjem. Det å sjå kamp saman med Sigrid gjev sporten ein ny dimensjon.

- Trøste mæ, Spania e go altså, seier Sigrid når nasjonalsongane vert spela før kampstart.

- Før brukte eg å reise meg når dei spela nasjonalsangen, men det gjer eg ikkje meir altså, seier ho.

Heldigvis går det ikkje lang tid før Sigrid kan rekke hendene i êret, og juble for første målet.

- Eg blir like nervøs når eg ser reprisa. Er du sportsidiot, så er du sportsidiot, seier ho.

Første omgang er jamn. Litt for jamn etter Sigrid sin smak. Norge ledar, men Spania ligg rett etter.

- Du må skyyyte, ropar Sigrud til tv-skjermen.

Når det vert litt for spennande må ho ha seg ein tur ut på golvet. Plutseleg er Spania berre to mål etter. Ragnhild er i gang med å stelle til servering i pausa.

- Du må komme og sette deg, Ragnhild. Det herre går itj, seier Sigrid.

Ekstra gir

Etter servering og pause har Norge skaffa seg eit ekstra gir, og dreg frå spanjolane. Sigrid kommenterer, og let seg imponere av keeper Katrine Lunde og er bekymra for Nora Mørk som allereie tidleg i kampen fekk to tominutters utvisningar. Kampen ender behagelege 31-23 til Norge. Etter kvart som måla renn inn i den spanske målet, vert Sigrid meir avslappa. Når dommaren bles av kampen kan ho puste letta ut.

- Eg brukar å vere mykje verre enn dette her altså, dette var ikkje så spennande, seier ho.

Nå er det kvartfinala mot Russland som ventar, Sigrid er klar for ny kamp.

16 år gamle Sigrid vart NM-vinnar med Skogn i 1959.
Sigrid i drivet i ein kamp mot Vestar.