Ivrige hender laga julepynt og julegodter for harde livet på Dovre torsdag. Foreldre og besteforeldre fekk bruke heile skuledagen til forskjellige juleaktivitetar for smådovringane. Dovre bygdekvinnelag var med for å lage risbollar og brune pinner, og lærarane på skulen bidrog der dei kunne.

- Vi har fått god støtte frå Dovre historielag og Skeievoll sanitetsforening, fortel Astrid Ruste i foreldreutvalet (FAU).

Det var laga juletrelenker så lange at dei rakk over heile klasserommet. Glanspapir i moderne fargar vart til flotte juletrekorger, og klokkestreng med filtfigurar har ikkje gått ut på dato.

Etter nokre år utan juleverkstad er det første året FAU går saman om å lage gamaldags juleverkstad for dei 66 elevane på Dovre skule.

- Det var stor interesse blant foreldra for å få til dette, og vi har brukt mykje tid på å førebu dette, fortel Ruste