Den 9. og 10. februar går den årlege lokalmønstringa til UKM Norddalen av stabelen. UKM, som står for Ung Kultur Møtes, er ein kulturarena der ungdom frå 10 til 20 år kan vise fram det dei er gode i, samt bli kjend med likesinna. Arrangementet går for seg over tre framsyningar, ei for juniorane (10-12 år) og to for seniorane (13-20 år).

Noko for alle

Det er ope for det aller meste, enten du er glad i å stå på scena, vil delta med kunstverk eller film, eller om du likar best å arbeide med å ta bilete og video av UKM-helga. – Det er to krav for å vere med – det er at du er gamal nok, og at du har lyst, seier Ung Arrangør Julie Garmo. Påmeldingsfristen går ut 15. januar, og mønstringa går for seg i Otta Kulturhus. Du kan melde deg på inne på: www.ukm.no/oppland.