Fredag inviterer Dovre bygdekvinnelag til gamaldags juletrefest på Dovre samfunnhus, for alle som vil i heile bygda.

Her vil det vere smørbrød, kaker og kaffe. Og ikkje minst varm sjokolade. Det vil også bli gang rundt juletreet.

- Det er nest siste dag i juletida, og ein fin måte å markere slutten på, seier leiar i bygdekvinnelaget, Hildrun Granseth, som håpar på mange og store ringar rundt juletreet.