Neste onsdag skal det vere nyåpning av butikken, og det med brask og bram lovar Jertrud Trelvik. Ho styrer bruktbutikken med stødig hand. Roger Elsrud er dagleg leiar. Saman med Ole Bjørn Ovrum og Arild Engen utgjer dei administrasjonen ved Lesja Dovre Vekst (LDV).

Effektiv oppussing

Bedrifta har sidan oppstarten hausten 2015 heldt til industrihallen. Etter ombygginga er det fortsatt plass til fleire bedrifter i bygget, og styringsgruppeleiar Martin Killi håpar dei får behalde noverande lokale i mange år. Han er imponert over jobben som er gjort. Administrasjonen og deltakarane har gjort alt sjølve. Av dei 100 000 kronene som var sett av til jobben, har dei med oppfinnsamheit og gjenbruk brukt under halvparten.

Har god inntekt

LDV er organisert som ei einheit under Dovre kommune, men med ei eiga styringsgruppe. Årleg får dei rundt 550 000 kroner i kommunal tilskot frå Lesja og Dovre kommunar. Killi presiserer at det er inntektene får drifta som utgjer hovuddelen av inntektsbudsjettet.

– Dette er inntekt som vi skapar gjennom arbeid og tilbod, både til det offentlege og det private, seier Killi.

Gler seg: Roger Elsrud, Jertrud Trelvik og Martin Killi gler seg til å ønske kundene velkommen inn i dei nye butikklokala.

Populært tilbod

I år har dei budsjettert med 1,8 millionar kroner i inntekt. Ei beisemaskin har vorte ein suksess for produksjonsavdelinga. Mange av entreprenørane i Lesja og Dovre brukar tenesta, og får attende ferdigmåla bordkledning. Dovre kommune kjøper mange tenester, spesielt på sommarstid da det er mange plenar som må vedlikehaldast.

Synlege oppdrag

Ved produserer dei i mengder, og no er snart pantehusa til Lesja Røde Kors klare. I fjor laga klopper, informasjonstavler og skilt til den nye sykkelvegen over Dovrefjell. Men ei nyinnkjøpt maskin som lagar skilt av alle slag, håpar dei på mange oppdrag. Og i et samarbeid med Dombås idrettslag skal deltakarane på Lesja Dovre Vekst skilte tre turløyper denne sommaren.

Godt besøkt

Trelvik fortel at bruktbutikken Brukbart no har jobbar seg godt inn på marknaden. Folk kjem innom der med ting dei ikkje treng lenger, i staden for å reise rett på miljøstasjonen med det. Nedslagsfeltet er større enn tidlegare, bruktbutikk er verkeleg i vinden. Forbipasserande stoppar på, og hyttefolket i kommuane har teke butikken i bruk. No gler ho seg på 300 nye kvadratmeter, i eit lokale som er betre tilpassa butikkdrift. Det er lettare å syne fram alt det dei har, og varene blir sortert etter type. Ho seier at det er god rullering på varene, det som kjem inn går ut att fort.

– Vi er ein stor takk skyldig til alle som kjem hit med ting. Det er mykje fine ting, seier ho.

oppfinnelse: Nye pantehus er på veg ut til Lesja Røde Kors.

Tenkjer nytt

Om sommaren er det full drift og vel så det. Killi seier at dei no arbeider å finne nye produkt dei kan arbeide med i dei månadane det ikkje er så travelt.

– Og det er viktig at alle deltakarar har arbeid som er lystbetont for dei, seier Killi.

For det er deltakarane som skal vere i fokus, og føle at kvardagen deira er meiningsfylt. Dei fleste deltakarane i prosjektet i dag er trygdemottakarar. Av arbeidet i Lesja Dovre Vekst får dei ei oppmuntringsløn. Av deltakarane i dag er det ingen frå Lesja kommune.

– Dersom det er nokon der ute som ynskjer seg ein kvardag med meir meining og aktivitet er det berre å ta kontakt med oss, seier Elsrud.