På møtet på Lesja sjukeheim førre onsdag la Roar Nilstad i Lesja og Dovre Byggconsult fram dei endelege planane for utbygginga av sjukeheimen i Lesja, kor det vil skje renoveringar i store deler av hovudbygget, med planar om helsehus og legekontor i første etasje. Nilstad kunne meddele at planane burde bli klare til å bli iverksett i slutten av mars.

Feil prioritering

Krokrud stilte seg personleg svært kritisk til endringane som hadde blitt vedtatt av politikarane, og meiner dei burde prioritere omsorgsboligar framfor dei noverande planane. Ho gjorde det tydeleg klart i starten av møtet at hennas agenda er å gje befolkninga i Lesja eit godt eldretilbod.

Meiner Lesjatun er utdatert

Tidlegare blei det lagt fram i eldrerådet ei innstilling om å bygge eit bufellesskap med omsorgsboligar i første etasje på sjukeheimen. Dette var med tanke på å erstatte Lesjatun, som Krokrud meiner for lengst har gått ut på dato og bør rivast til fordel for eit betre uteområde ved sjukeheimen. Ho er kritisk til tilstanden til bygga, som ho meiner er kunn for oppbevaring, og ikkje trivsel. Eit begrep som ho saknar frå planane.

For seint: Lars Tordhol meiner det er for seint å snu når det gjeld sjukeheimssaka.

Støtte frå Husbanken

Sjukeheimen har også fått tildelt 50 millionar kroner av Husbanken til utbygging, eit organ som vanlegvis gjev støtte til omsorgsboligar, men ikkje helsehus. Dette meiner Krokrud er eit viktig argument med tanke på at Lesja for få år sidan var en Robek-kommune. Rådmannens innstilling til prosjektet var også i utgangspunktet å bygge omsorgsboligar i første etasje i den ombygde sjukeheimen, fortel Krokrud.

Seint informert

Det var først på eit formannskapsmøte tidlegare i år at Krokrud fekk høyre at Lesjatun ikkje hadde kome inn på ein plan, noko som var svært urovekkande for Krorkud. Ho meiner at kommunen ikkje har tatt omsyn til folketalsutviklinga i samhøve med dei noverande planane, som ikkje er godt nok framtidsretta.

Fekk

orienterte: Roar Nilstad frå Lesja og Dovre byggconsult.

ikkje fleirtal

Eldrerådets leiar la til slutt fram si innstilling om at eldrerådet ber kommunestyret i Lesja om å gå inn for forslaget om å bygge omsorgsboligar i første etasje i den nye sjukeheimen. Av rådets fem medlemmar var berre fire til stede, og avstemminga på vedtaket resulterte i 2-2.

Stemte imot

Lars Tordhol i eldrerådet var ein av dei som stemte mot forslaget til Krokrud. Han meiner det var for seint å be politikarane snu i siste liten, og etter avstemminga forlot han møtet uannonsert medan resten haldt det i gang.

Oppfordring frå ordføraren

To tilhøyrarar frå kommunestyret var tilstade, etter ei oppfordring frå ordførar i Lesja, Mariann Skotte, til å vere til stede under eit møte for å ta tak i kva eldrerådet er opptekne av. Varaordførar Ronald Kikut (Sp) og Kristin Nyhagen (H) var dei som var til stede. Nyhagen la fram at dårleg økonomi hadde vore eit problem i utbygginga, men meinte at siste ord i saken enno ikkje er blitt sagt. - Spaden er enno ikkje satt i jorda, seier ho til slutt.