Han var ikkje den ordentlege kokken for anledninga. Kolstad meldte seg frivillig til å vera assistenten til Per Olav Hurv, kjøkensjef på Brimibue i Lom. Hurv er ute på turne til klassene som skal delta i den årlege konkurransa Kokkekamp. Mandag var han på Lesja og Lesjaskog.

Kunnskapsauke

Målet med kokkekamp er å auke kunnskapen om lokalprodusert mat, rekruttering til matfaglege utdanningar, setje fokus på lokalt landbruk og reiseliv hjå elevane, omdømmebygging av regionen og for å styrke mat- og helsefaget. Alle 9. klassingane i Nord-Gudbrandsdalen skal lage og presentere same hovudrett. I år er det snitzel av kjøt frå Hereford, valfritt tilbehør av mandelpoteter, heimelaga remulade, glasserte raudbeter og råkostsalat. Desserten får dei komponere sjølve, men den må innehalde Heidalsprim og egg. Finalemenyen er sett saman av Hans Marius Sletten, som er kjøkensjef på Restaurant Teatro i Oslo.

Elevane på Lesja fekk sjå at også flinke kokkar kan streve med å få ein god remulade til å henge saman. Hurv måtte prøve på nytt, og spurte lesjaelevane om dei har prøvd før.

- Ja, det har vi, fekk han svar på.

Det var første klassa Hurv har besøkt som har prøvd seg på kunsten. Lesjaelevane har nemleg øvd på menyen tidlegare. Dei har hatt prøve i både å lage majones og snitzel. No er dei klare for kamp i Vågå.

- Det var vanskeleg å lage majones, den skilte seg tre gonger. Men eg fekk det til til slutt, seier Anton Cornelius Nilsen.

godt: Heidalsprimen som skal vere ein del av desserten fall i smak hjå Sigrud Kolstad, Eline Hole Joramo og Anton Cornelius Nilsen.

Stress og moro

Kjendiskokk Kolstad gler seg til dei skal konkurrere mot dei andre elevane, og han trur Lesja har gode sjanser. Det vert vald ut berre ein liten handfull av dei 20 elevane. Lærar Melissa Skeie Brøste seier at det er mange gode kandidatar.

- Kven eg vel ut kjem an på både dyktigheit og evne til å samarbeide, seier ho.

Elevane er klare for kamp, i allefall.

- Det kan hende det blir stress, eg håpar vi får god nok tid, seier Eline Hole Joramo.

Finala er i Vågå 3. mai.

Heidalsprimen som skal vere ein del av desserten fall i smak hjå Sigrud Kolstad, Eline Hole Joramo og Anton Cornelius Nilsen.