Iår er det 40 år sidan Kristian Ulateig (85) kunne opne dørene til Sentrum Kjøp for første gong. Det som den gong var ei nervepirrande og ultramoderne investering, syner seg i dag å vere av det luraste han har gjort. Saman med kona Astrid (78) kan han sjå attende på eit langt liv bak disken.

9. juni 1947. Det er datoen da den 14 år gamle Kristian for første gong var å finne i arbeid bak ein butikkdisk. Den gongen var det på gamle Lesja handelsforening, ved oppkøyringa til Auravegen. Anlegget på Dalsida var i full drift, det var travle dagar. Kristian var ferdig med skulegangen, og var glad for å få arbeid. Han, mora og systera var åleine, det måtte til ei ekstra inntekt. Det starta som ein sommarjobb, men det vart så mykje meir enn det.

– Eg fekk bli verande, noko eg er sjeleglad for. Og eg har støtt likt butikkyrket, seier han.

Anleggstid

Den gongen var det Tor Thøring som var sjef på Lesja handelsforening. Auraanlegget, saman med optimisme i resten av bygda, sørga for gode tider. Butikkarbeidet var allsidig. Det var mykje bæring og lemping. Samtidig sto han bak kassa og betene kundane. Kristian fortel at varer vart henta inn til anlegget på Dalsida fleire gonger for veka.

– Vi leverte både bensin og diesel. På vinterstid kom det ein stor beltebil og tok med seg drivstoff og varer. Nokre gonger kom det proviantbil kvar dag, fortel han.

Store lastebilar som kom med pallevis med varer fantes ikkje den gongen. Varene vart levert av toget på Lesja stasjon. Var det ikkje så mykje, gjekk turen med varesykkel til stasjonen. Var det store ting som kom, vart det leigd inn ei hestekar som tok seg av frakta. Det var store ting da butikken fekk ein eigen lastebil i 1954, det letta arbeidet mykje. Det var ein gamal Opel Blitz. Det var så vidt den hekk saman, men den vart eit godt hjelpemiddel.

Lang butikkveg

Det var ikkje langt mellom butikkane på slutten av 40-talet. Kristian reknar på fingrane.

– Det var 10 butikkar berre frå Joramo til Lora. Men du veit, det var andre tider. Folk måtte enten gå, eller køyre med hest, seier han.

Det vart lang veg til Lesja samvirkelag frå gardane på baksida. Langt frå alle hadde hest, her var det berre å traske og gå med det vesle dei skulle ha i ryggsekken.

Kvar dag var dei fire personar på jobb. Som oftast var butikken open frå klokka ni om morgonen til fem på ettermiddagen, nokre gonger var det opent til sju. All handel gjekk så klart over disk, alt av varer var i laus vekt. Da som no var det varierande økonomi i heimane i bygda. Kristian hugsar ei som gjekk ut att med 32 forskjellige pakker. Det hadde kosta den nette sum av 3 kroner og 40 øre.

Oppvekst bak disken

Det var fortsatt rasjonering etter krigen, det var ikkje råd å kjøpe så mykje ein ville av til dels sukker, margarin, poteter og mjøl. Frukt og grønt var luksusvarer, det var noko kålrot og poteter som var oppbevara i kjellaren så lenge dei heldt. Elles slengte det innom ein og annan bananen for sal.

– Druer kom i store tønner, og dei låg i oppmala kork. Det var styggeleg sjeldan vi hadde, kanskje berre ein gong om sommaren, fortel dei.

Mjølk vart levert i store spann. Folk som skulle handle mjølk hadde med seg små spann. Til Auranlegget vart det køyrd store spann.

– Det var ei anna tid, mimrar Astrid.

Sjølv starta ho butikkarriera si i butikken til Otto Sørumgard i Kjøremgrenda, etter realskule og handelsskule på Åndalsnes.

– Eg er nå i grunnen oppvaksen på butikk, seier ho.

Inne på Lesja handelsforening var det benkar. Karane som gjekk på butikken hadde god tid, og sette seg ned for ein god prat. Dei røkte, og spytta snus i spyttebakken på golvet.

– Dei tok ikkje livet så hardt den gongen, seier butikk-karen.

Det var både kar og kvinnfolk som gjekk på butikken, men det var karane som tok seg best tid.

Med på lasset

Så gjekk det slik til at det vart ny butikkbestyrar. I 1956 kom Erling Einbu til Lesja handelsforening frå same stilling på Bjorli. Med på flyttelasset var naturleg nok familien, og med det 17 år gamle Astrid.

– Ja, ho kom for nære. Og sidan vart ho, seier Kristian og smiler lurt til Astrid.

Dermed vart svigefar sjefen til Kristian, utan at det gjorde noko. Astrid og Kristian gifta seg i 1961, i ein stille og roleg seremoni i Lillehammer kyrkje.

– Vi ville ikkje ha noko stort bryllup. Men vi vart da gift, og det er vi enda, seier Kristian.

Astrid vart husmor og heimeverande, etter kvart kom det til tre barn. i 1961, 1963 og 1964. Det var travle dagar også i heimen. I dag bur både Kristian og Astrid på Lesjatun.

Kristian hadde nokre år bak ein annan disk enn i daglegvarebransja. Seks og eit halvt år var det bak disken hjå elektroforretninga Storrusten på Dombås. Så kom det eit tilbod dei måtte drøfte ei lita stund. Bergljot Einbu dreiv butikk i Lesja sentrum, men ville gje seg. Året var 1972, og tilbodet gjekk til Kristian. Etter å ha tenkt seg om, vart det bestemt. 1. januar 1973 vart dørene opna for første gong, med Kristian som butikksjef. Han dreiv da ein av to butikkar i Lesja sentrum. Butikkdrift var han godt vand med, papirarbeid hadde han lært seg da han arbeidde på Dombås.

Ein stolt butikksjef held tale på opningsdagen 11. juli 1978.

Stort løft

Det var gamle og små lokalar. Etter eit par månader gjorde han noko nyskapande. Butikken var lagt om til sjølvbetjening. For nokre av dei vante kundane var dette skummelt og rart, men det vart snart ei vane det også.

– Det er ein stor fordel for både dei som skal drive butikk og for kundane, meiner Kristian.

– Ja, det kunne bli ein del flyging etter varer tidlegare, legg Astrid til.

Første året var omsetninga på ein million kroner.

Butikken vaks ut av lokala sine. Planane om ny butikk vart grunna over, og tenkt på i mange år. Det var det økonomiske som stoppa, det var ein risiko å skulle bygge. Så hoppa dei i det. Sjølve bygget kosta 2,8 millionar kroner. Med alt inventaret vart det 3,5 millionar. Heile summen vart lånt av eit finansieringsselskap i Oslo. Det var god støtte og hjelp å få hjå leverandøren Asko, og politikarane i kommunen var positive.

– I etterkant skjønar eg ikkje at vi torde å låne så mykje pengar, seier Kristian.

Gode oppstartsår

Det gjekk fort. Bygginga starta seinhausten 1977. Etter travle dagar med butikkarbeid på dagen, og butikkplanlegging på kvelden kunne dørene opne den 11. juli 1978.

– Det er berre så vidt eg hugsar den dagen vi opna, seier han.

Og med det hadde Lesja fått sitt første supermarknad.

80-åra var gode år for å drive butikk. Det vart ein god start. Lønningane steig også i innlandet, når olja starte å piple opp av Nordsjøen. Folk kunne unne seg noko meir. Det gjekk likevel nokre år før dei kunne senke skuldrene og seie at «dette klarer vi». Rentene var høge ei stund, det var som ein klump rundt foten. Etter kvart vart dei fleire kjøpmenn i Gudbrandsdalen som starta kjeda K-Kjøp. Fordelane med det var å bli sterkare på innkjøp og få ein rimelegare pris på innkjøp. Frå der gjekk det vidare til Vito, Spar og nå til sist Joker.

Pizza til Lesja

Som i dag hadde Sentrum Kjøp eit noko anna vareutval, enn det mange andre butikkar har. Kristian fortel at han fekk tilbod om å kjøpe inn boblejakker får ein leverandør. Problemet var berre at dei måtte kjøpe 100 stykk. Skit au, tenkte dei. Og på ei lita stund fauk 100 mellomblå boblejakker ut av butikken.

Kristian hugsar godt første gongen han fekk sjå reklame for frosenpizza.

– Eg sa at det der kjem aldri til Lesja, humrar han.

Der tok han feil. Nå i dag synes han nokre gonger det vert for mykje å velje i.

– Det er så mykje forskjellige mjølkeprodukt at ein kan bli gal. Eg meiner at du treng ikkje øydelegge mjølka med å ha smak på den, seier han.

– Kor mykje butikk har de prata heime, lurar vi på.

– Altfor mykje, ler dei og ser på kvarandre.

Nokre store ferieturar har det heller ikkje blitt.

– Dessutan har det vore laga mykje mat på varer som er utgått på dato, ler dei.

Astrid slutta i 2006. Kristian slutta i butikken omtrent samtidig, men hadde ansvaret for vareutkøyringa til i 2010. Vanskeleg å slutte var det ikkje, og det er ei god tid å sjå attende på. Han seier det er rart å tenkje på at dei verkeleg turte å ta sjansa den gongen.

– Det er godt å tenkje på at vi gjorde eit rett val den gongen, og at ein kan vere stolt av det ein har oppnådd, seier Kristian rørt.

Det var mange som gledde seg på å sjå Lesjas første supermarknad.