Heidi kjem opphaveleg frå Oppdal, men flytta til Ås utanfor Oslo for å studere biologi på NHL (no kalla NMBU), og ende opp med lektorgrad i biologi og kjemi. Nå er ho busett på Lesjaverk, saman med sambuaren Torgeir Nordgård og tre barn på 10, 12 og 15 år.

Meir utdanning

Det var gjennom studiane at ho møtte mannen sin frå Lesjaverk, som hadde tilknyting til skulen gjennom vener. Det tok ikkje lang tid at Heidi skjønte at ho ville havne på Lesjaverk, for å være med Torgeir som skulle drive garden heime. Ho sikra seg derfor arbeid der ved å utdanne seg vidare, og tok PPU i Trondheim, og fekk jobb som lærar på Lesjaskog Skule i 2001.

Som lærar har ho hovudsakleg undervist i matte og naturfag på ungdomstrinnet, men på ein så liten skule blir det fort behov for alt mogleg, fortel ho. Etter kvart som barna vart eldre og ho fekk dei som elevar følte ho at det blei for tett, og søkte om å bli omplassert til Lesja skule i staden. Der jobba ho eit halvt år før ho begynte i si nye stilling på Villreinsenteret. Heidi er enno tilknytt skulen som rådgjevar og studierettleiar for 10. klasse ut dette året. Ho har også utdanning innanfor rådgjeving, og har hatt denne funksjonen på skulen i 7 år. I tillegg har ho tidlegare vore i kommunestyret og er tidlegare varaordførar i Lesja.

Har fått draumejobben

Sidan nyttår har Vognild vore tilsett ved Villreinsenteret på Hjerkinn, noko som ho utvilsamt trivast godt med. Dei siste åra har ho begynt å tenke på at ho eigentleg har ein anna bakgrunn, og ynskja derfor å prøve noko nytt, fortel ho.

Tidlegare har Villreinsenteret hatt to naturrettleiarar som har vore tilsett i fleire år, Espen Rusten og Heidi Ydse. Statens Naturoppsyn (SNO) bestemte at dei skulle slutte med all naturrettleiing i landet og det vart dermed oppretta nye stillingar rundt om. Villreinssenteret på Hjerkinn var heldige nok til å få to nye naturrettleiar-stillingar. Da Heidi såg annonse som etterlyste nye rettleiarar på Hjerkinn skjønte ho at dette var noko ho både kunne og ville. Ho greip deretter moglegheita og søkte på stillinga. Jobben inneber blant anna å ta i mot besøkande ved villereinsenteret, som ofte består av skuleelevar, studentar, samt turistar, og drive naturrettleiing for dei. Det blir mykje turar i fjellet, og særleg til Viewpoint Snøhetta, fortel ho. Det blir også ein del reising rundt omkring på skular, og ikkje minst er sjølve vegen til arbeid lang.

Ikkje noko å seie på utsynet ein har frå matrommet.

Lang reiseveg

Med 70 kilometer ein veg blir det omtrent to timar med køyring kvar dag, men detta plagar ikkje Heidi.

– Eg trivst i bilen, og kan alltids høyre på lydbok, ler ho.

– Eg må heller ikkje stå opp tidlegare enn før, men legg berre om rutinane. Og sidan barna har blitt ganske sjølvstendige er det ikkje eit problem at eg reiser frå heime før dei om morgonen.

Været på Dovrefjell har heller ikkje vore eit stort problem for Heidi, men har opplevd at vegen har vore stengt på grunn av både stri vind og ei bilulykke. Elles har ho moglegheit for heimekontor, men ho er som oftast til stede på sjølve arbeidsplassen, fortel ho.

Heidi følar seg heldig i den nye jobben, og har støtt vore glad i naturen og dyr. Ho har også fått vore med på helikoptertur i fjellet for å telle villrein i vinterferien, noko som ho beskreiv som heilt fantastisk. Ho får også mykje innblikk i korleis forskarar og forvaltarar jobbar.

På villreinsenteret jobbar Heidi med Raymond Sørensen , Carl S. Bjurstedt, Rebecca Nedregotten Strand og Are Endal Rognes.

Mykje å setje seg inn i

Foreløpig har det vore ein roleg start på den nye arbeidskvardagen til Heidi, men forventar stor trafikk til sommaren. Utanfor sesongen har det også blitt noko reising ut til skular for å halde forelesning, og ho forventar fleire etter kvart.

Saman med sin nye kollega, Are Endal Rognes, har ho så langt fått mykje tid til å setje seg inn i det nye arbeidet. Dei tidlegare naturrettleiarane har også vore på besøk for å gje opplæring og dele sine erfaringar frå yrket. Vognild seier det er interessant å sjå på all forsking som har vorte utdjupa sidan ho studerte, så det blir mykje nytt.

Erfaringsrikt

Heidi set pris på all erfaringa ho har tatt med seg så langt, og synes det er spanande å kunne utvide horisonten. I ettertid angrar ho ikkje på å ha vore med i kommunestyret, kor ho har tatt med seg innsikt i forvaltningspolitikken. Men i den nye jobben er det nok læraryrket som ho dreg mest nytte av, særleg i møte med elevar, fortel ho.