Veit du kvar maten du et kjem i frå? Det er ikkje sikkert du tenkjer over det. Men om du studerer pakningane på maten du kjøper kan du blir overraska. Kanskje et du eple frå Polen, korn frå Tyskland eller poteter frå Spania.

Ei som har blitt god på nettopp dette er Lea Wojziscke frå Lesja. Ho er opprinneleg frå Tyskland, men bur nå på Lesja saman med sambuar Marcel og barna Caspar og Hugo. Lea fortel at ho ofte har brukt å ha eit slags prosjekt i fastetida, frå askeonsdag til første påskedag. Det har for eksempel vore å ikkje drikke alkohol, ikkje ete godteri eller å ikkje spele dataspel. Dei siste åra har ho ikkje hatt noko fasteprosjekt, ho har enten vore gravid eller hatt ein liten baby å ta hand om. No er minstemann Hugo snart eit år, og det var tid for eit nytt prosjekt. I år vart det 46 dagar med utelukkande norsk mat.

Ingen kaffe

- Vil du ha kaffe? Ja, eg skal ikkje ha kaffe. Det er jo ikkje norsk, seier Lea.

Dermed blir det kaffe til den kaffetørste bladfyken, og te dyrka i Lom til Lea.

Nettopp kaffen er grunnen til at sambuar Marcel ikkje er med. 46 dagar utan den svarte drikken freista ikkje.

- Og ungane treng frukt og vitaminar, så dei ville eg ikkje ha med på prosjektet, seier Lea.

Sjølv om mann og barn ikkje er med, så dryp det litt på dei lell. Pasta er ikkje så lett å lage sjølv. Det er laga av durumkveite, som ikkje veks i Norge. Ho har prøvd å lage det sjølv med norsk kveitmjøl.

- Det vart ganske vellykka. Det var ikkje så mye arbeid, og det var ei god oppskrift, fortel ho.

Den heimelaga pastaen vart servert til heile familien. Den vart noko gråare enn vanleg, og Caspar (2 ½ år) var noko skeptisk. Men når han først var i gang gjekk det ned med god appetitt. Ho vart råda til å skaffe seg ein instagramkonto, for å inspirere seg sjølv og andre. Det er ikkje så lett å jukse når det er nokon som følg med.

Kålrot og andre rotgrønsaker er det lett å få tak i norske varer av. Lea brukar mykje av det.

Vitaminar er bra

- Kålrot, poteter og gulrot. Det vert ein del av det, seier Lea.

Men da utan krydder, og med berre norsk salt. Dårleg tilgang på krydder er ei av hovudutfordringane. Ho har brukt ein del ramslauk og bergmynte. Og no står det friske planter av basilikum og rosmarin i glaskarmen.

- Det er planta og dyrka fram i Norge, da er det lov, seier Lea.

Smak av krydder er noko av det ho saknar mest, men det er mykje vitamin å få i seg.

- Det er faktisk meir C-vitamin i kålrot enn i appelsin, seier ho.

Nokre unntak

Det er lov med nokre unntak. Vert ho bedd bort så et ho det ho får. Heimelaga blautkake på korøving var for freistande. Ho har også ete salami med salt og krydder av ukjent opphav, så lenge det er merka med «Nyt Norge».

Sukker og søtsaker er det verre med. Stort sett alt sukker vi har i Norge er importert frå Danmark, berre ei manglande blåfarge frå å kunne bruke «Nyt Norge» merke.

Lea arbeider på Avdemsbue, ein arbeidsplass som gjer at ho har god kjennskap til norske produkt.

- Når eg ser alt som er der, styrkar det trua på at det går bra, og det styrkar interessa mi for norsk mat, seier Lea.

Hugo fungerer som flittig kjøkenhjelp.

Lite norsk korn

Det har vore ein del gledelege overraskingar. Norsk salat og tomat er å finne i butikkane i februar, til og med på Lesja. Ho har funne nettbutikkar med norsk mat, og ei kasse med norske epler har blitt til eplemos. For å få klarheit i kvar kornet mjølet er laga av kjem i frå har ho vore i kontakt med fleire mjølprodusentar. I fjor var neste alt mjøl laga av norsk korn, forrige sesong var det for lite korn til det. Mykje av det kjem frå Tyskland og Polen.

- Han eine eg prata med vart veldig engasjert, og ga meg tips om andre mjølprodusentar eg kunne prøve. Det er verdt å tenkje over at alle nordmenn blir ikkje mette av det kornet som blir produsert her i landet, seier ho.

Taco og marsipan

Prosjektet har ikkje vore planlagt i lang tid. Lea trur ho hadde vore flinkare til å fryse ned for eksempel bær, dersom prosjektet var planlagt om sommaren.

- Mykje av dei bæra ein finn i butikkane ser norske ut, men dei er gjerne frå Sverige eller frå Serbia, seier ho.

Gleda var stor når norsk purre dukka opp i butikken. Skuffelsen var tilsvarande veka etter, da var purren i butikken frå Spania. Gjær er ei utfordring, men no er det innkjøpt ein surdeigskultur som skal bli mor til mykje god gjærbakst. Gjær er også ein viktig bestanddel i øl. Sjølv om både bygg, havre og malt er norsk så kjem ein ikkje utanom gjæren.

Første påskedag er det slutt på prosjektet. Sjokolade, marsipan og appelsin er av det første ho skal eta.

- Og til middag vil eg gjerne ha taco, ler ho.

Fransk på norsk - ein Tartiflette. Sjå oppskifta i margen.