Under premieutdelinga på Toftemo Turiststasjon tysdag kveld kunne dommar Morten Hiorth konkludere med at det hadde vore eit jamt NM, der dommarane måtte sjå seg nøtt til å fordele bronsemedaljen på to. Det var Jørgen Gudbrand Struksnæs ved Handversskulen, Hjerleid, og Ask Sebastian Martens frå Ås som fekk fordelt tredjeplass.

Sølvmedaljen gjekk dermed til Sara Marie Josefine Dobson Fjelde, som også er elev ved Handversskulen. Til saman i konkurransen stilte sju elevar, der fire var frå Hjerleid, to frå Odda og ein frå Ås.

Ikkje med for å vinne

Blant deltakarane var ikkje konkurranseinstinktet stort, og dei fleste synes berre det var artig å kunne være med og så på det som erfaring. Frå Hjerleid var alle dei 13 elevane med i uttaket til NM, men berre fire gjensto. Niklas Moen Bjerkenås var ein av dei som representerte Hjerleid i NM, og synes det var artig å få være med. – Eg trur eg ligg godt an, men følar ikkje noko press. Det er berre gøy, sa han under sjølve konkurransen.

Etter å ha blitt tildelt gullmedalje og NM-tittel var han derimot mållaus, og kunne ikkje seie noko anna enn at det var kjempeartig. Lærar i smiding, Karl Pedersen, synes det var kjempekult å kunne være lærar til ein NM-vinnar. – Det er et bevis på at de tar imot det eg lærar, og at eg lykkes som lærar, seier han.

Tredje gull på rad

Dommar Morten Hiorth representerte WorldSkills, som arrangerer skule-NM, og ga skryt til Handverksskulen etter å ha delt ut et tredje NM-gull på rad til skulen i år. Handverksskulen fekk gull i både møbelsnekring og treskjering, der Handversskulen var den einaste som stilte.

Dømmast på tre punkter

Konkurransen gjekk ut på å lage ein dørhammar, der både estetikk og funksjon spela ei viktig rolle i den endelege evalueringa. Det er til saman tre punkter som utgjer totalinntrykket, fortel Kjellman-Chapin. Det første er estetikk, det andre er funksjon, og det siste er HMS. Dei tre punkta utgjer høvesvis 50, 30 og 20 prosent av den endelege poengsummen. Hastverk straffes også, fortel Morten Hiorth.

Niklas Moen Bjerkenås fekk tildelt gullmedalje i skole-NM av varaordfører Oddny Garmo Foto: Simen Rudiløkken
Sara Josefine Dobson Fjelde kom på ein solid andreplass Foto: Simen Rudiløkken
Jørgen Gudbrand Struksnæs delte tredjeplass med Ask Sebastian Martens frå Ås Foto: Simen Rudiløkken