Eg oppdaga denne farkosten i Lågen på Lora i dag. Den som kjenner igjen fryseboksen kan ta seg ein tur og fiske den opp att. Og det er mykje rundballplast som flyg i vinden. Plukk det opp og pakk det i plastsekken, seier tipsaren til Vigga.

NVE oppmodar til å sikre gjenstandar som står utsett til for flaum, og det som forsvinn frå din eigedom vert nødvendigvis eit problem for nokon som bur lenger ned i same vassdrag.

– Hald vassvegar og avløp fri for snø og is, søppel, kvist og lauv. Hald deg borte frå elver og bekker med stor vassføring. Hugs at elva du krysser i dag kan vere mykje større når du skal attende, advarer NVE.

Får konsekvensar

Dersom du ikkje sikrar gjenstandar kan det få konsekvensar for deg. Visepolitimester Arne Hammersmark fortalte under eit møte i fylkesberedskapsrådet i Oppland tidlegare i år at politiet vurderer å bøtelegge den som eig gjenstandar som kjem flytande med flommen, for brot på forurensingslova.

Under flommen i 2013 kom det fleire hundre rundballar og til og med campingvognar flytande nedover Gudbrandsdalslågen. Dette har ført til at det er mykje plast frå rundballar som har hengt seg fast langs elva, som forsatt er der.