Gjenstanden er ein sperreballong. Noko slik har du kanskje lese om i avisa. Du har i alle fall ikkje høyrt om det på radioen, for det er ikkje lov. Dei tyske styringsmaktene har gjeve streng beskjed om at det skulle dukke opp ein slik ballong, må det bli varslast straks. Dei kunne rett og slett vere livsfarlege.

Det dei sikkert også viste var at slike ballongar vart brukt til å beskytte engelske byar for tyske bombefly. Flya ville gjerne så nært målet som råd, før dei skulle sleppe bombene. Dei store sperreballongane hindra det. For store var dei, over 18 meter lange og nesten åtte meter i diameter.

Det var fleire som fekk sjå ballongen svevande over Enebo krets på Lesjaskog i oktober 1942. Ingvald Brudeli var på jordet og plukka turnips. Ved jernbanelina heldt banemester Syvertsen og hans menn på med arbeid.

– Kva i all verda er det som skyggar for sola, utbraut Syvertsen til Brudeli.

Oppe på himmelen var det ein slags ballong. Etter kvart skjønte dei at det var ein sperreballong, fleire hundre meter oppe i lufta.

Dovre Lesja krigsminnesamling har fått restar av sperreballongen frå Lesjaskog. Her syner Rune Nørstegård fram det som enten er tuppen på ballongen eller hol etter ein wire.

Fleire på tur

Ingen av dei tenkte på å gjere som dei hadde fått beskjed om, å melde frå til okkupasjonsmakta. Seinare på kvelden satt Brudeli og familien til bords. Ut av vindauget fekk dei sjå ballongen, som hadde festa seg på Brennbakken, ovanfor Nørdre Sør-Einbu. Så tok Brudeli i veg, saman med sin tjenestegut Magnus Bakken. Oppe i skogen møtte dei Hans S.Kvam og Kåre S.Kvam frå Oppistugu Kvam, Endre O.Kvam frå Nistugu Kvam og tjenesteguten Arne Einbu som var ute i same ærend.

Alle ville ha fatt på sperreballongen, for å kunne bruke det vanntette materialet den var laga av. Brudeli hadde trua på at ei lang fiskarstong med ein kniv i enden skulle gjera hyven, men den gong ei. Wiren til ballongen hadde no hekta seg fast i nokre tre ovanfor garden Sy-Kvam, omtrent der som Einbuløypa går i dag, men ballongen hadde god oppdrift og var altfor høgt oppe. Det var ei nervepirrande natt. Dei synes det var lydar overalt rundt dei, og dei visste at konsekvensane kunne bli store dersom dei vart fakka av tyskarane eller deira medsvorne.

Karane drog i wiren til busserullarmane var heilt øydelagt. Brudeli skriv i eit notat som i dag er å finne på Dovre Lesja krigsminnesamling, at han tok tak i wiren med begge hender og slepte seg ned mellom kvistene. Der vart han hengande å sprelle, medan han ropte på hjelp. Endre kom springande, hoppa opp og fekk tak i føtene til Brudeli. Han ropte på meir hjelp.

– Nei, for all del skreik eg, eg klarar ikkje meir, skriv Brudeli.

I nattemørkret hala og drog dei i wiren. Dei fekk festa den stadig meir, og ballongen kom nærare. Så var det vêret som vart toskete av seg. Det vart regn, sludd og vind - ballongen tok til å røre seg att. På dette tidspunktet hadde dei fått ned 200 meter med wire, og fått surra den i ei bjørk.

Her langt ovanfor Kvamsgardane fekk dei ned ballongen.

Lang sykkeltur

– Vi skulle hatt eit gevær, tenkte dei.

I krigsåra var ikkje dette kvardagskost, ingen turte å ha det. Brudeli kom opprinneleg frå Verma, og visste at Jørgen Gjershaug hadde godkjenning som yrkesjeger og hadde ein Drilling. Dermed tok Ingvald sykkelen fatt dei par mila ned til Verma. Snøbygene vart stadig tettare, og han hadde motvind heile vegen nedover. Klokka var eitt om natta før han kom fram. Her vekte han bror sin, Paul Brudeli, som gjekk for å vekke Gjershaug. Medan broren var borte gjekk Ingvald til smia for å skjære av eit halvtoms rundjern som han skulle bruke som kuler. Dei små kulene inne i hagleladingane ville ikkje gjere noko nytte på den store ballongen.

Gjershaug meinte at dei var for vågale som tok seg til med slik, men fortalte dei gjerne kor både våpen om ammunisjon var. Når dette var på plass bar det oppover att. Bror Paul hadde bil, så turen gjekk lettare. På heimvegen opp dalen tok Ingvald ut ladingane av skota, pakka papir om jernstumpene og gjorde i stand patronene.

Snart var dei på plass ved ballongbyttet att. Karane som hadde vore att hadde fått nyss om at det skulle vere andre som hadde ringt til lensmannen om ballongen. No hasta det verkeleg. Brudeli fyra av. Det første skoten gjekk midt i ballongen, og laga berre eit lite hol. På andre skotet prøvde han å få til eit streifskot på sida. Det gjorde susen. To store flenger var det som skulle til for at ballongen fekk to store flenger. Den ga frå seg ein ulande lyd, og datt ned i skogen som eit uhyre. Her låg den godt gøymd. Klokka var no rundt fire på morgonen, og dei vart enige om at dei skulle møtast att når dei hadde fått frå seg fjøssteillet.

Krangling i skogen

Morgonen etter var Brudeli og Bakken på veg opp i skogen att. Da fekk dei høyre høge stemmer frå skogen. Der sto karane og reiv kjeft. Det var kome ein ny kar til gjengen. Per K. Mølmen, gardbrukaren i Sy-Kvam, var på veg til skogs etter ved, og hadde gått seg på wiren som låg over vegen. Dette var på hass eigedom, og han ansåg derfor wiren som sin. I det han hogg av wiren hadde Endre kome springande, for å hindre at han gjorde dette. Dette førte til at dei to nesten to meter høge karane sto i skogen og var høgrøsta til kvarandre. Situasjonen roa seg. Per skulle få sin del av ballongen, Både Endre og Per beklaga at dei hadde vorte sinte, og arbeidet kunne fortsette.

– Så var vi alle gode nordmenn og heldt tett, og godt gjekk det, skriv Brudeli.

Her sluttar Brudeli si forteljing om ballongen. Men kvar mann fekk sin del av dette gråe stive stoffet. Det var kalla ”kråkskinn”, som eit dekknamn, slik at tyskerane ikkje skulle skjønne kva dei prata om. Det vart gøymd godt unna i starten, men etterkvart gjorde dette kråkskinnet god nytte for seg. Det vart nytta til presenning, til dekke over hestane i skogen og det vart sydd regnfrakkar av det.

Det var ikkje berre på Lesjaskog dette vart gjort, fleire stader på Austlandet vart det same gjort. I 1944 hadde britane 3000 sperreballongar i bruk. Tyskarane gjorde så godt dei kunne for å finne innretningar på flya sine slik at dei kunne kutte wirane på ballongane. Etter andre verdskrigen har slike ballongar blitt lite brukt.

Restar etter kråkskinn er det mange stader, men spora etter denne ballongen som havna ved Kvamsgardane på Lesjaskog er borte no. Fram til 60-talet låg treramma som var hekta under ballongen att der dei tok den ned. Den vart fjerna da Per og sonen Kristian dryka området der karane fekk ned ballongen.

Denne frakken tilhøyrde Magnus Bakken. No er den hjå Gudbrandsdalsmusea. Foto: Gudbrandsdalsmusea.
Inne i ballongen her det kopartrådar som fungerte som lynavleiar.