Karlsen er en biletkunstnar frå Nesøya, men har røter i Lesja gjennom morsslekta. Mykje av måleria er basert på Lesja, med motiv som kan være gjenkjennelege for mange. Dei skal visast fram i Tunstugu på Lesja Bygdemuseum fram til august, der det også vil være moglegheit for å kjøpe dei.

Røter i LesjaKarlsen har som nemnt morsslekt på Lesja, og er også tilknytt plassen gjennom sin svoger frå Rånå, der dei har feriehus. Ho har difor vore i Lesja fleire gonger, kor ho dreg mykje inspirasjon til måleria sine, som ho malar i Asker.

Oldemora til Karslen reiste nemleg frå Lesja og busette seg i Trøndelag. Ho lengta stadig attende, men kom aldri tilbake til heimbygda. Karlsen har difor høyrd fleire historier om Lesja, noko som har gjort klart inntrykk på ho. Men det var ikkje før systera hennar fant seg ein mann frå Bjorli at ho såg moglegheita til å oppleve det sjølv, fortel Karlsen.

Vakker fjellbygdKarlsen beskriver Lesja som eit postkort, og ein treng ikkje sjå lengre enn ut glaset på Tunstugu for at ho blir imponert.

– Det er ei levande bygd, og ikkje berre kulissar, fortel ho. Du kan også sjå fjella, understrekar ho. Noko som for ein frå sørpå er særs uvanleg.

Ho skryt også av kulturen i Lesja, som har blitt godt bevart gjennom åra med arrangement som Markens Grøde.

Lesja er også ein stor kontrast frå hennar andre feriestad, Vence i sør-Frankrike.

Kunstnarisk friheit Karlsen er dermed ikkje lommekjent på Lesja, og veit difor ikkje namna på mange av gardane og fjella ho tek bilete av, men blir lett inspirert av det ho ser rundt seg når ho besøker bygda.

Ho tek seg dermed nokre kunstnariske friheiter når det kjem til måleria, og vel ofte vekk motiv som ho meiner ikkje tek seg godt ut på biletet. Dessutan er fargebruken i måleria nytta meir som eit uttrykksmiddel enn ei nøyaktig fotorealistisk beskriving.

Ho har heller aldri vore i Lesja på vinteren, så sjølv om fleire av måleria har vintermotiv er det basert på hennar fantasi om korleis det ser for seg.

Utstillinga vil bli open for allmennheita den 17. mai, og skal henge på Tunstugu fram til slutten av august.