Den nye frisørsalongen ligg sentralt i Lesja sentrum, der Nadiia har etablert seg i førsteetasjen i det lokale veksthuset. Salongen blei opna den 21. mars tidlegare i år, og er ei oppgradering frå der ho heldt til før, nemleg heime i stova på Lora.

Begyndte småttNadiia jobba som frisør frå heimen på Lora i eit får før ho fekk sin eigen salong. Da gjekk det stort sett i frisering av venar og naboar, som har fulgt ho vidare inn i den nye salongen. Ho har også erfaring frå heimbyen Berdytsjiv i Ukraina, og kan skryte av at ho er utdanna på ein av heimlandets beste frisørskular.

Nytt LokaleNadiia har slått seg ned med det nye lokalet i vekshuset på Lesja, kor ho no vil være lettare tilgjengeleg for allmennheita.

Med stilfull innreiing i svarte og gullaktige fargar kan dette minne om ein frisørsalong av ypperste kvalitet. Alt av utstyr er på plass, noko som Nadiia hadde mykje av frå før.

Etter at salongen blei opna har Nadiia opplevd stor pågang av kundar i løpet av dei to månadene, og meiner dei besøkende har vore fornøgde med behandlinga. Foreløpig driv ho salongen på eigenhand.

Fekk god hjelpBåde ho og mannen er særs imponerte over støtta dei fekk av kommunen for å opne den nye salongen. Mannen, Andrii, seier det var ei fantastisk oppleving, og sett stor pris på kor hjelpa dei fekk i etableringsprosessen. Dette står i kontrast med Ukraina, kor det er mykje vanskelegare å etablere bedrift, i følgje dei.

Trives i LesjaParet kom frå Berbytsjiv i Ukraina, ein by med omlag 90 000 innbyggarar. Noko som i følge dei er smått etter Ukrainsk standard. Bygdelivet i Noreg vart dermed ikkje ein enorm kontrast, meiner dei. Saman har dei ei dotter på 9 som også trives godt i den nye skulen.

– Vi liker både å bo her, folkene her, og skolen, forteller paret. Det er vanskeleg i Ukraina, som er prega av krig, så folk er mykje snillare her, ler Andrii.

Dei fant vegen til Lesja gjennom jobben til Andrii, som vart tilsett som avløysar hos Tordhol på Lora, og dermed gjekk turen til Lesja. Paret trives godt nok til at dei tenker å slå seg ned her.