Sommarkledd i sommarvarmen fylte Lesja og Lesjaskog sangkor stova på Eldres Senter på Lesjaskog med vårtonar. Anledninga er at diktar og tekstforfattar Audun Høgbrenna (87) og Ola O. Enstad (80) skal få høyre songen framført for første gong. Og det kunne ikkje ha vore meir passande dag å framføre sangen på, enn på sommargrøne Lesjaskog allereie i slutten av mai.

– Det er flott at vi har lokal musikk vi kan framføre, og vere stolte av, seie organist og dirigent Paul Gunnar Lien.

Draum om ein betre vår

Teksta vart laga for eit års tid sidan. Den dårlege våren og sommaren som var i fjor fekk Høgbrenna til å drøyme om noko betre, og det fekk han dette året. Diktinga foregår jamnt og trutt. Det kjem nokre strofer hist og her, som han arbeider med og fyller på etterkvart. Så er det Enstad som overtek.

– Eg lagar melodien her, og dei kjem av seg sjølv, seier han og peikar på hovudet.

Inn på band

Enstad syng melodien inn på ein bandopptakar, og går så til organist Lien for å få melodien ned på eit noteark. Det er Lien som har laga korarrangmenet til sangen. Det er fleire sangar dei to har samarbeidd om. Høgbrenna har også laga ei tekst til ein gamal shanty, til ære for Rolf Rønning, gamal sjømann og medbuar på Eldres. Den har gruppa Sangfuglane i Dovre fått for å kunne bruke.

Ola O.Enstad og Audun Høgbrenna høyrer sitt verk for første gong.

Vårdraum

Eit stenk av vårvon sviv rundt i hogen,

og legg seg lint omkring vare ord.

Eit pust av lengsel, glir gjennom skogen,

og blir til småbårer langs en fjord.

Oss høyrer sjoet frå båt og årer,

som stilt og varleg glir ut frå land.

Den milde vårbrisen rullar bårer,

som blir til vårtonar mot ei strand.

Nå lyer bruset frå bekk i lia,

når kvelden sig imot skog og koll.

Når fossen mullar sin song ved sida,

i toneskiftet frå dur til moll.

Ein hannelg beita rein hildringstime,

i doggvåt barskog der dråpar heng.

Ved bekken spelar ein fossegrime,

på trollstemt harpe sitt vårrefreng.

Det vekkjer kjensler og vare draumar,

når bekken sullar mot elv og fjord.

Når våren når oss, og friske straumar,

fornyer livet på denne jord.

Audun Høgbrenna