Ungdommen har sjølv ordna seg arbeid i arbeidslivsveka, som er i regi av ungdomsskulen kor elevane skal få prøve seg i arbeidslivet, og få eit innblikk i det.

– Nokre får prøve ting dei har lyst til å drive med, og får ei avveksling frå den vanlege skuledagen. Det er også ei ypperleg moglegheit til å skaffe seg kontaktar til seinare, meiner kontaktlærarane, Jørn Brekken og Trond Sætrom.

Stort mangfaldElevane ved 9. klasse på ungdomsskulen hadde blitt jamnt fordelt til mange ulike arbeidsplassar. Fleire prøvar seg som lærarar, nokon i barnehage, og både service- og butikkbransjen var særs aktuelle for dei unge arbeiderane. Nokre har til og med funne seg arbeid utanfor bygda, og tatt turen til både Vinstra og Lillestrøm, og nokre også heilt til Vilnius.

PositiveVigga har vore i kontakt med nokon av elevane som er utplassert på ulike bedrifter, og i alle tilfella såg elevane ut til å trivast. Nokon hadde tidlegare arbeidserfaring, men fekk moglegheita til å prøve noko nytt.

Magdalena Palubicka er utplassert på Floriss.

– Det er morosamt å sjå korleis det er, fortel ho.

Ho har jobba i kafeteria tidlegare, men har håp om å bli fotograf. Ho ser derimot ikkje bort frå ei karriere i blomsterforretning, og nevner det er noko ho godt kunne tenke seg å drive med.

Runi Arnekleiv og Henriette Baraas er begge tilsett på Felleskjøpet på Dombås, kor dei også trivast godt.

– Det er frykteleg triveleg! Ein møter mange kjente fjes, ifølgje Baraas.

Dei to set også pris på det å få innblikk i arbeidslivet, og at skulen legg til rette for det. Dei meiner derimot at det er bra at elevane sjølv må skaffe seg jobb, og vere sjølvstendige. ­Baraas har tidlegare erfaring i butikken, og Arnekleiv har vore med å jobba på gard.

Elias Hagevold er utplassert på Dombås barneskule, kor to andre elevar også var utplassert.

– Eg liker å vere med ungar. Dei har mykje energi og liker å leike seg, fortel Hagevold, som var midt i ein fotballkamp med barneskuleelevane.

– Eg har hatt lyst til å prøve meg som lærar, men har ikkje lyst til å bli det.

Han har tidlegare arbeidserfaring frå pølsebod i Dombås.

Magdalena Palubicka fekk seg jobb på Floriss i Dombås sentrum. Her saman med May-Britt Haugen, som sett stor pris på den ekstra hjelpa.
Elias Hagevold var utplassert på Dombås barne­skule. Her som inspektør i friminuttet. Han har alltid ønska å prøve seg som lærar, men vil ikkje bli det, fortel han.