Reopninga av Avdemsbue vart nok hektisk på slutten, men det nye konseptet vart ynskja hjerteleg velkomment av sambygdingar og tilreisande laurdag.

Det har vore butikkdrift ved Avdem sidan 1878, og etter Astrid og Brita gav seg med landhandelen i vår, såg Avdem Gardsysteri ei gyllen moglegheit. Dei hadde nok tenkt tanken med eit eiga utsal, og no smidde dei medan jernet var varmt.

– Eg har vore med på mykje gjennom åra, men oppstarten av denne butikken har nok vore det trivelegaste eg har vore med på. Vi føler at vi har heile bygda i ryggen når vi har jobba med dette, sa Sigurd Avdem.

Hektisk innspurt

Den nye butikksjefen, Anna Haugstad Avdem (23) kjem rett frå ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon i Trondheim. Saman med god hjelp frå familie og fleire har det vore lange netter og ein hektisk innspurt før opninga.

– Det er nesten surrealistisk at det er mogleg å spankulere frå ein bachelorgrad og inn i denne ville butikkferda, som eg trur det kan kome til å bli, sa Anna.

Ho påpeika at dette kun var mogleg med gardsysteriet som ei etablert bedrift i ryggen, og som tek den økonomiske satsinga.

– Og ikkje minst fordi eg har to foreldre som er gründere, og som evnar å gjere idear verkelege. Dei er ikkje redd for dobbel arbeidsmengd og vel så det. Denne gong ofra dei alt, og pappa måtte bøte med ein finger då han laga kaffebardisk til meg, sa Anna til den store folkemengda som hadde møtt opp.

– Skeiv, men triveleg

Innspurten var såpass hektisk at far sjølv var uheldig med ei sirkelsag torsdag. Kaffebaren vart ikkje ferdig, men med ei dose galgenhumor inviterte Anna til kaffevitjing etter 17. august, då sjukemeldinga til Sigurd er ferdig.

Ein del av ringfingeren til Sigurd vart avsagd, og veslefingeren vart skada. Gifteringen måtte kuttas på sjukehuset.

– Men ringfingeren min er lang nok til ein ny ring, Åse, oppfordra Sigurd.

Han meinte butikken er eit godt eksempel på at utkantsnorge ikkje må finne seg i at alle butikker blir lagt ned.

– Dess større butikkane blir, dess kjedelegare er dei. Om dette er skeivaste butikken som er i landet, skal det óg vere den trivelegaste, sa Sigurd, og viste til den noko roskakke bygninga.

Avdem Gardsysteri feirer i tillegg 10 år i år, og «Mor Åse» meinte at jubileet kunne ikkje vore betre feira enn med reopninga av bue.

Dei tre takka for all hjelp dei hadde fått undervegs, frå slekt og venner.

Opna med fanfare og musikk

Astrid Stavheim og Brita Thøring, med over 30 og 40 år bak disken på Avdemsbue, fekk æra av å opne butikken. Dei to sette pris på at det var nokon som dreiv butikken vidare. Interiøret frå landhandelen er brukt opp att, og gjev butikklokala særpreg og sjel.

I tillegg til utsal av eigne varer har butikken varer frå småskalaprodusenter i Gudbrandsdalen og resten av landet.

Kjøremgrenda musikkforening, Lesja og Lesjaskog Sangkor og Marit Hole Tynnøl sto for underhaldinga. Marit har samla historia om den tradisjonsrike landhandelen, og fortalte 137 års butikkhistorie på 10 minutt.

Og brørne Martin og Harald Berg spela fanfare på kornett. Fanfara vart skriven av Martin for ti år sidan, då det var opning av gardsysteriet.