Det er mange år att før elevane ved Lesjaskog skule har lov til å levere sine stemmesetlar. Likevel har dei sterke meiningar om kva som må til for at Lesja skal vere ein bra kommune å bu i.

For det bør helst vere Lesja, og berre Lesja. Ein ny stor kommune saman med Dovre har dei ikkje tru på.

- Vi har vel langt nok å køyre slik det er i dag, seier elevane, frå skulekrinsen som famnar frå Verma i vest til Lesjaverk i øst.

- Eg synes kommunen er bra slik den er i dag, seier Joakim Heggem Nordsletten.

Nokre av dei ser ein fordel med at dei kanskje kunne blitt kjend med fleire.

- Men det er ikkje bra at dovringane da vil få samme rettane som oss til å jakte i fjella, og for eksempel fiske i Vangsvatnet, seier Erlend Vognild.

-Bra skule

Dei er svært godt nøgde med skulen sin, både korleis den ser ut inne og ikkje minst uteområdet.

- Det er ein fin liten skule. Alle kjenner alle, og her blir du betre kjend med folk, seier Joakim Heggem Nordsletten.

Dei meiner det er godt miljø på skulen, og at det er lett å finne nokon å vere saman med i friminutta.

- Vi har eit stor uteområde, med god plass å leike på, seier Johannes Bjorli Bjølverud.

- Og ikkje minst har vi ei fin fotballbane, rett ved skulen, seier Herman Aaheim.

Fotballen er en ting som dukkar opp fleire gongar under intervjuet, og ønskjet er der om både fotball-VM i Lesja og ein eigen kunstgrashall ved skulen.

- Eg er glad for at det eigentleg er nokså fritt her på skulen, det er mange plassar det er mykje strengare enn her, seier Hallvard Kvam Lislien.

Dei er enige om at det er roleg og fredeleg å vere elev på Lesjaskog skule.

Lett å få venner

- Eg synes det er bra å vere på same skule som ungdomsskuleelevane, det vert ikkje så kjedeleg da, seier Signe Bjorli.

-Det einaste som er dumt er at dei driblar oss i fotball, seier Erlend.

Dei ser mange fordelar med å ha ein 1.- 10. skule.

- Mange har venner som er yngre enn seg, da er det bra at dei fortsatt kan vere på same skule, seier Joakim.

Alle seier dei har venner som går i andre klasser, både eldre og yngre, som dei er saman med både på skulen og på fritida.

- Er det vanskeleg å finne seg venner når de ikkje er så mange på skulen, spør Vigga.

- Neeei, det er ikkje vanskeleg, kjem det unisont frå elevane.

Både Signe og Even går i klasser med berre fire elevar. Dette synes dei er berre fint, og kunne ikkje tenkt seg større kull.

- Vi er mykje saman med 4. klasse, og eg likar det slik som det er, seier Signe.

- Eg trur kanskje vi lærer meir, det er ikkje så mange som bråker når vi er berre fire i klassa, seier Even.

Tenk på miljøet

Ein felles ungdomsskule i Lesja kan ingen av dei tenkje seg. Det grunngjev dei i lange bussreiser til og frå skulen.

- Vi hadde kome seinare heim, hatt like mykje lekse og fått mindre tid til fritidsaktiviteter, seier dei.

Dei ser ikkje kvifor ein større skule skal bli ein betre skule.

- Politikarane seier det er for å få eit større miljø, men eigentleg er det for å spare kostnader, seier Even.

Dei saknar å kunne bruke meir datamaskinar og nettbrett på skulen, og for eksempel kunne ha skulebøker på nettbretta.

- Lengre skuledagar utan lekse hadde vore godt, seier Joakim og Hallvard.

Dei seier det ofte er slitne når det kjem heim frå skulen, og at det da er eit ork å skulle ta til med leksene. Større gymsal, skulefrukt og gratis skulemjølk er også noko elevane ynskjer seg.

Fleire i arbeid

For å kunne utvikle kommunen, meiner elevrådet fleire arbeidsplassar i Lesja må til.

- Vi må først skaffe arbeidsplassar, så boligar. Vi burde satsa meir på turisme, det kunne gje fleire arbeidsplassar, meiner Joakim.

Dei meiner dei store fjellområda til Lesja har potensiale for å dra fleire turistar til kommunen.

Skihall, billigare kunstgjødsel og asfalt i skiløypa er tiltak dei trur kan dra fleire folk til kommunen.

Nokre kan tenkje seg å bu i Lesja som vaksne, andre ikkje.

- Det er ikkje arbeid til alle forskjellige yrker, men eg trur det er betre for ungar å vekse opp her enn i byen. Men det blir færre og færre som reproduserer seg, seier Even.

- Det er viktig at vi gjer området attraktivt, slik at det ser ut som det går an å bu her, seier Joakim.

Vil si meininga si

- Det er bra at det er gangveg gjennom nesten heile kommunen. Før måtte dei følgje oss til busslomma, seier Joakim, som brukar gangvegen også på fritida nesten kvar dag.

Andre ting dei dreg fram som bra med Lesja er fin natur, nærheit til alpinbakke og at det er god plass.

- Eg er glad for at det er lov å jakte rein over så store område, seier Erlend Vognild.

I nokre kommuner er det stemmerett for 16 åringar ved kommuneval, slik er det ikkje i Lesja. Det kunne dei gjerne tenkje seg.

- Når vi er så få som bur her er det vel betre til fleire som er med på å bestemme, meiner Joakim.