Ein mann på 67 år vart redda ned med luftambulanse etter ein fjelltur i Rondane natt til mandag.

Mannen hadde vore på Trolltinden (2018 moh), og det vart sett i gang redningsaksjon ved midnatt. Luftambulansa lokaliserte mannen nokre få hundre meter frå Dørålssetrene.

– Han hadde falt, og hadde nokre skader, men formen skal ha vore nokså bra. Han skulle køyre heim att sjølv, fortel operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt, Geir Stavheim.

Raude kors vart kalla ut, men kom ikkje fram før mannen vart funnen av luftambulansa. Mannen høyrer heime i Bærum.