Like etter midnatt kjørte eit vogntog med henger utfor vegen på E136 ved Lesjaverk. Politiets operasjonssentral varsla om last i vegen, og trafikken vart dirigert forbi ulykkesstaden.

– Nå er vegen rydda. Det var mye madrasser, fortel Geir Stavheim på operasjonssentralen.

Det var ikkje personskade etter velten. Vegen var midlertidig stengt i stutte periodar medan bergingsarbeidet heldt fram. Vogntoget var polsk-registrert.