Tek farvel med 49 år gammalt instrument

Jørgen Brandli har vore organist i Dovre i over 37 år og kjenner orgelet ut og inn. No tek han og alle i Dombås sokn farvel med orgelet, som blir erstatta med eit nytt og betre.

Gledeleg avskjed: Synnøve Toven har vore leiar i orgelkomitéen i fem år. Både ho og organisten, Jørgen Brandli, gler seg stort til det nye orgelet står klart i Dombås kyrkje. 

Abonnent

Det noverande orgelet vart teke i bruk i Dombås kyrkje i 1969, og det er eit pipeeorgel frå firmaet Rieger/Kloss, frå daverande Tsjekkoslovakia. Det har lenge vore eit ønskje om å få eit nytt orgel på Dombås, og no er draumen i ferd med å bli verkelegheit.