Tyske vinger over Dombås:

Storchen trossa uvêret

Både vind og regn prega søndag ettermiddag, men det hindra verken publikum eller Tor Nørstegård, då det nyrestaurerte krigsflyet skulle landet på Dombåsjordet.

Tyske vinger: Tor Nørstegård landa på Dombåsjordet i sitt nyrestaurerte Fieseler Fi 156 Storch. 

Abonnent

I lufta: Flyet gjekk inn for landing klokka 12 på søndag. 

Flyet er av typen Fieseler Fi 156 Storch, og vart hyppig brukt av tyskarane under andre verdskrig, også her på Dombås.

Flyinteressert: Tor Nørstegård hadde mykje å fortelje om flyet sitt. 

Flyinteressert
Tor Nørstegård frå Lesja har saman med 5-7 andre personar restaurert det tidlegare kampflyet. Interessa fekk han som 11-åring, då han var med og restaurere Heinkel 111-flyet, som hadde styrta på Digervarden i Lesja.

Flyet som han landa med på Dombåsjordet er identisk med modellen frå 1935, som var året da produksjonen av Storch-flya starta. Det var før helikopteret var oppfunne, så flyet vart da skapt for å kunne utføre dei same oppgåvene. Det kan blant anna lande og ta av på kort strekning, og vart brukt til blant anna rekognosering og til å frakte skadde soldatar.