Klagar på dårleg veg: - Her må kommunen ta ansvar

Asbjørn Amble, Dombås, er slett ikkje fornøgd med tilstanden på Fjellvegen gjennom bustadfeltet øvst i Dombås. Han ber kommunen ta ansvar.

Asbjørn Amble meiner Dovre kommune må ta ansvar for den dårlege tilstanden i Fjellvegen på Dombås. 

I oppløysning: Fjellvegen er prega av fleire djupe hol. Her er kanten om lag like djup som breidda på ein telefon. 

Abonnent

- Fjører ryker og bilane må køyre i sikksakk opp bakken her. Dette er også ein skuleveg der ungar syklar. Med store hol i vegen er det særs farleg i nedoverbakke, seier Amble oppgitt om den bratte vegen som går i oppløysning.

Varsla kommunen
I eit innlegg til Dovre kommune seier Amble at dette er ein skam for kommunen, og at vegen krev ei utbetring umiddelbart.

- Vegen er tilførselsveg til eit stort bustadområde på Dombås, og både gåande, syklande og biltrafikk er lokalisert til same vegbane. Vegen er no farleg for trafikantar, både mjuke og harde, og medfører stor slitasje på materiellet, hevder Amble.

Han syner til steinar og rester av gamal fyllmasse som pressast opp gjennom oljegrusen, grøfter etter breibandutbygging, og områder der tunge maskiner har karva opp oljegrusbelegget som ikkje er blitt reparert.

- I fleire tiår har det berre vore utført lappverk på vegen. Hol blir fylt igjen med grus, men regn og vassmassar dreg det med seg vidare igjen. Vegen går jo i oppløysning. Slik kan vi ikkje ha det, slår Amble fast.

Innlegget har han også publisert på Facebook, kor responsen har vore positiv i Ambles favør, og det er stor einigheit om at noko må gjerast.

Tek det på alvor
Driftsleiar i Dovre kommune, Tor Ivar Hovhaugholen, seier til Vigga at dei tek skrivet på alvor, og vil sjå på vegen, men at det ikkje er nokre konkrete planer for utbetring.

- Eg har registrert at vi har fått eit innspel, og vi tek det på alvor. Det bør ikkje vere farleg på vegane våre, meiner Hovhaugholen.

Han syner til ein veg på Dovreskogen som nyleg har blitt omgjort frå oljegrusveg til ordinær grusveg, og seier dei har tenkt å gjere det same med Skitrekkvegen på Dombås og Hjerleids veg på Dovre, men at denne løysninga ikkje egner seg i Fjellvegen.

- Fjellvegen er for bratt til dette, og vil ikkje tåle vassmassane som kjem nedover om våren. Ny asfalt kostar også utruleg mykje, og vi har diverre ikkje nok midlar til dette. Det er ikkje viljen det står på. I så fall skulle eg gjerne sett at alle vegane i kommunen vart halde ved like, avsluttar driftsleiaren.