Marie og Therese tok imot Kronprinsparet på Lesja: - Dette kjem vi aldri til å gløyme

Det vart ein stor folkefest i form av dugnad på bygdemuseet når Kronprinsparet besøkte Lesja på tysdag.
Abonnent

Nedover frå Lesja sentrum kom Kronprinsparet køyrande i kvar sin traktor, med ungdommane Morten Skotte og Jørgen Torstad som sjåfør. Nede ved bygdatunet sto mange av innbyggarane i Lesja, med ordførar Mariann Skotte, leiar for eigerstiftinga Einar Utgaard, og Marie Vognild og Therese Nyøygard i Lesja ungdomsråd i spissen.