Vil etablere eit regionalt friluftsråd

Regionrådet ynskjer å etablere «Nasjonalparkriket Friluftsråd». Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen skal behandle spørsmålet om etablering og deltaking i eit regionalt friluftsråd innan 1. desember.

Friluftsråd: Hovudmålsettinga for eit regionalt friluftsråd vil bli å styrke friluftslivet i regionen som helse- og trivselsfremjande og miljøvennleg aktivitet 

Abonnent

I Regionrådet sin handlingsplan for 2019 vart det sett i gang eit forprosjekt for «Nasjonalparkriket Friluftsråd».

Det vart sett ned ei prosjektgruppe som fekk i mandat å utarbeide ein rapport for å avklare moglegheita for å opprette og drifte eit regionalt friluftsråd.

Målet er å etablere eit interkommunalt friluftsråd som eit førebyggjande tiltak for betre

folkehelse i Nord-Gudbrandsdalen. Videre er det eit mål at kommunane får eit betre og meir kostnadseffektivt fritidstilbod ved at eit regionalt friluftsråd kan søke eksterne midlar til tiltak og drift.

Prosjektgruppa kom med sin rapport i september.

Prosjektgruppa har bestått av Stian Høglien frå Regionrådet som har vore prosjektleiar, Kari Hånsnar - Skjåk kommune, Trond Byre-Haakensen - Lom kommune, Mona Sveen - Vågå kommune, Mette Josten - Sel kommune, Steinar Tolf Jacobsen - Dovre kommune og Sonja Gitte Mathisen - Lesja kommune.

Kva konkrete oppgåver friluftsrådet skal arbeide med, skal vere opp til kommunane og arbeidsgruppa, men prosjektgruppa meiner at areal, allemannsretten, anlegg og aktivitetar blir hovudoppgåvene for eit regionalt friluftsråd.

Prosjektgruppa rår kommunane i Nord-Gudbrandsdal å gå inn for å opprette eit regionalt friluftsråd, med lokalisering og tilknyting til Regionrådet, og med ein stillingsressurs i minst 80 prosent stilling.

Prosjektgruppa rår til at det blir løyvd årlege midlar til eit prøveprosjekt i tre år for perioden 2020-2022.

Det er eit krav til kommunal medfinansiering til drift av prosjektet. Prosjektgruppa kjem med forslag til ein fast pris på 15.000 kroner per kommune og 8 kroner per innbyggjar.

Regionrådet behandla saka den 20. september og ber kommunane om å behandle spørsmålet om etablering og deltaking i eit regionalt friluftsråd innan 1. desember.