Det var ingen nye tankar Kjell Nyhus lanserte i Vågå kommunestyre tysdag førre veke. Erland Løkken fortel til Vigga at ideen var på tankekartet også for 15 år sidan,. Då var Nyhus rådmann i Dovre kommune, og saman med ordførar i Vågå, Rune Øygard, lanserte dei tre idéen.

– Vi kom oss ikkje vidare med den, då var det E6 som vart prioritert. Det vart ikkje noko utgreiing eller kostnadsoverslag, seier Løkken.

15 minutt spara

Strekninga vil bli på cirka sju kilometer veg i tunnel, som kan korte ned reisetida frå Dovre til Vågå med opptil om lag 15 minutt.

Forslaget på kommunestyremøtet i Vågå kom i samband med regionsjef Ole Aasaaren si orientering om regionrådet sin handlingsplan for 2015, der samferdsel var eitt av punkta. Saka var òg diskutert på regionrådsmøte fredag førre veke.

For 15 år sidan var tunellideen lansert som ein del av argumentet for å få Valdresflya som heilårsveg. Det er ikkje på plana no.

Større satsing

E6-utbygging av strekninga Ringebu - Otta har vore regionen si hovudprioritering. Nå når denne er vedteke, tok regionsjefen til orde for ei større satsing på riksveg 15 mellom Otta og Stryn. Aasaaren vil ha ei intensivering med arbeidet på denne strekninga, og få med vestlendingane på laget.

Med tidvise ras i Rosten ynskjer ein å vidareføre arbeidet med å få på plass ein omkøyringsveg for E6 i Rosten.

– Eg vil ta fram att ein gamal tanke om tunnel frå Holungsøyom i Vågåmo og ut att i Jønndalen på Dovre. Ein slik tunnel vil binde regionen saman, og det vil bli stuttare veg mellom Trondheim og Bergen. Eg vil heller bruke pengar på ein tunnel i staden for å byggje ny veg som avlastingsveg om E6 i Rosten blir stengt, sa Nyhus under møtet tysdag.

I følgje Nyhus har også Statens vegvesen lukta på planane.

Ordførar i Dovre, Bengt Fasteraune, har ikkje sett på kostnader for ein eventuell tunnel, men tykkjer ideen er god.

– Ein tunnel er rasjonelt fornuftig, og eg syns det er ein god og spenstig idé. Det er vanskeleg å få prioritert sine vegprosjekt, så det er viktig å syne dimensjonen over det. Det er ikkje berre for lokale hensyn, seier Fasteraune.

Han meiner ein tunnel både vil gje avlastning til vegen i Rosten, og forkortar vegen mellom Ottadalen og E6 nordover. Ein tunnel vil og vere eit mindre inngrep enn ein parallellveg gjennom Rosten, trur Fasteraune.

Samferdselsutvalget i regionrådet skal samle dei prioriterte sakane for rådet, som skal jobbast vidare med å få på plass i budsjettforhandlingar hjå staten.