Arroganse i Dovre - Manglande respekt for lov og regler

Debatt

I mitt siste kommunestyremøte og konstituering av nytt kommunestyre og valg av formannskap sist mondag opplevde eg noko som eg stiller meg undrande til og er skuffa over. Eit fleirtal i kommunestyret som stemmer for og bevisst ignorerer lover og reglar for å vise makt er noko som eg tek sterk avstand frå. Dette er ikkje bra for demokratiet vårt. Dovrelista og Arbeiderpartiet i Dovre har inngått samarbeidsavtale. Sp og Høgre inngjekk valteknisk samarbeid. Ingen fremma ønske om forhaldstalsvalg i kommunestyret sist måndag.

I Kommunelova §7-7 andre ledd «Valget gjennomføres på grunnlag av en innstilling med forslag til medlemmer og varamedlemmer». I 3 ledd «hvis organet skal bestå av minst 4 medlemmer skal hvert kjønn være representert i organet med mist 40 %. Folkevalgte organ som etter lov skal bestå av medlemmer av kommunestyret, skal reglene om kjønnsbalanse følges så langt det er mulig. I formannskapet i Dovre er fem medlem og nå altså 4 kvinner og 1 mann stemt fram av fleirtalet. Ap/Dovrelista har 5 valgbare menn i si gruppe som er valgbare. Er ikkje nokon av dei gode nok? Dette har ikkje noko med at kvinner ikkje er bra nok, men handla om å oppfylle lovkrav. Vi kan ikkje være så opptatt av kvinnedeltagelse at vi ikkje evner å sjå den uretten vi da er med å gjere mot det andre kjønn. Likestilling er det vi kvinner har kjempa for i alle år; og ei kjønnsbalanse. Da må vi ikkje gløyme, hell ekskludere eller oppføre oss uetisk fordi vi har makt.

Eg har prøvd å få partiene til møte i forkant av konstituering av kommunestyre. Dette for å få avklart representantar-og kjønnsbalanse og for å få samordna oss før konstituerande møte. Sist fredag ringer eg til leiar for Dovrelista Magne Botten som fyrst seier han ynskjer eit møte. Etter nokre minutt sender Botten meg ein sms der han sier at Ap og Dovrelista skal ha «eit samordnande» møte og at eg skulle få deira kandidatar på kommunestyremøtet mandag. Leiar for Ap Jo Halgunset ringer ikkje attende etter oppmodig lagt på telefonsvarar frå meg. Sp og Høgre sine kandidatar var klare. Derfor var eg ikkje svært overraska over framlegg av kandidatane frå Dovrelista/Ap, men skuffa da dei ikkje etter oppmoding fleire gonger om å finne løysing og oppfylle lovkrav. Ser i Vigga av 28.okt at varaordfører Ruste seier at dette er "ein endeleg seier for Else Hole Ulekleiv sitt kvinneprosjekt"! Utrule å få seg til å bruke Else Hole Ulekleiv til sitt navn og gode arbeid for å rettferdiggjere sitt vedtak. Ordførar og adminisrasjon si rettleiing vart ignorert av eit fleirtal i det nye kommunestyre. Men eg reknar med at Fylkesmannen vil ha eit ord med i laget.

Det kan neppe seiast at vedtaket er noko å vera stolt over,- som folkevalgt i Dovre. Frå talarstol beklagar varaordfører Guri Ruste at råd og utval ikkje var klare til val denne kvelden. Varaordførar Guri Ruste veit vel at grunnen til dette. Dovrelista og Ap sin sendrektighet i forhandlingane om samarbeid var grunnen til dette. Der var fleire sentrale i forhandlingane som hadde prioritert ferie/jakt og skuletur framfor å setje viktig politisk arbeid for bygda vår fyrst. Dette har gjort at tida har gått fra Dovrelista/Ap,- ikkje frå nokon andre. Som ordførar vart eg derfor nødt til å utsetje konstituernade møte med ei veke. Men sjølv da berre ein dag til å få på plass viktige utvalg som er eit arbeid partia må ta ansvar for,- ikkje meg eller administrasjon. Dette er eit arbeid som tek tid og for å bekle viktige posisjonar. Det handlar trass alt om innbyggarane i bygda vår.

Frekkhetens nådegave er visst utømmeleg. Dette rettar du ikkje opp med godord og blomster varaordfører Guri Ruste,- det du seier står da ikkje til truande! Tenk å starte ei ny kommunestyreperiode med ignorere og oversjå lovverket bevisst. Det var i hvertfall ikkje den starten eg ynskje det nye kommunestyret og det set og vår nye ordførar i ein vanskeleg posisjon.