– Høgre bør kvalitetssikre sine uttalar før dei framsett fleire løgnar

"Vi er regelrett skuffa over Lesja Høgre sitt sanne ansikt. Dei har dei siste vekene synt at det er makt og posisjonar, ikkje veljarane, som betyr mest", seier Ronald Kikut og Ellen Sørumgård Syse i Lesja Senterparti.

Illustrasjonsfoto 

Debatt

I konstituerande kommunestyremøte 31.10. hadde Hanne Velure (H) oppsiktsvekkande kommentarar til val av formannskap. Ho kom med påstandar om dårleg politisk arbeid frå Lesja Senterparti og ordførar i etterkant av valet.

Vi fekk høyre at det hadde vore eit «spedt forsøk» på å lage ein avtale med Høgre, at Senterpartiet ikkje har forstått kva politisk arbeid er, og at dei fleste ville meine det er ytterst uklokt med den samansetninga vi no får i formannskapet. Det vart og referert til epostar i samband med forhandlingane etter valet.

Fleire i Senterpartiet si gruppe satt i møtet og vurderte om vi skulle be om ordet, men valde i staden å trekke pusten, telja til ti og tenkje at «la gruffet og frustrasjonen få koma ut slik at oss kan koma oss vidare». I etterkant av møtet har Lesja Høgre kome med nye påstandar, som likevel må kommenterast.

Valet 9.september var veldig klart. Nesten 88 prosen av dei som stemte, stemte for Ap og Sp. Sp åleine fekk 48,6 prosent, og Mariann Skotte var den kandidaten i Lesja som fekk flest personstemmer. Innbyggjarane er med andre ord nøgde med ordføraren sin og med den politikken SP står for. Høgre gjekk attende med 4,9 prosentpoeng og mista eit mandat.

Sp valde likevel å ha sonderinger med Høgre fysst. Mandatfordelinga var klar; Sp fekk 3 representantar i formannskapet; Høgre hadde ikkje automatisk plass der. I realiteten eit forhandlingskort som vi la til grunn. Formannskapsplass var difor det fyrste vi la i potten da vi gjekk til forhandlingsbordet med Høgre. Vi baud dei og hovudutvalsleiar i forvaltning, KS-repr., og medlem Dovrefjell NP-styre. Dette er tilsynelatande utegløymt frå Velure sitt tastatur. Ved forhandlingsbordet la Høgre fram ei smørbrødliste som på ingen måte spegla valet eller var i tråd med vår politikk. Når ikkje Sp sa ja til deira krav så var det uaktuelt å forhandle vidare var den klare beskjed frå Velure. Høgre spelte seg difor regelrett ut seg sjølve. Vi gjekk vidare til samtalar med Ap, og møtte eit parti som reelt ville forhandle om posisjonar. Trudde verkeleg Høgre at forhandlingar stoppa opp fordi dei valde å forlate forhandlingsbordet? Ap og SP inngjekk ei valteknisk avtale. Eit valteknisk samarbeid handlar om fordeling av posisjonar og ikkje om politisk samarbeid. I avtala la vi til grunn at H kunne få ein plass i hovudutvala, noko dei ikkje hadde krav på.

Vi er regelrett skuffa over Lesja Høgre sitt sanne ansikt. Dei har dei siste vekene synt at det er makt og posisjonar, ikkje veljarane, som betyr mest. Dagen etter nemnte kommunestyremøte uttalte Velure at ein plass i kvart av hovudutvala i realiteten betyr svært lite. Fakta er at mange saker som opptek folk vert behandla i nettopp desse utvala. Kor er respekten for dei som stemte Høgre?

I tillegg har Lesja Høgre oppført seg respektlaust overfor oss andre i kommunestyret og da ordføraren spesielt. Fredag etter kommunestyremøtet kunne vi lese at «ordfører flere ganger gjennom møtet understreket at Lesja Høyres handlemåte skapte unødig tidsbruk. Det er heller ikke en ordfører verdig å bruke kroppsspråket for å håne våre valg (himling med øyne, hoderisting og fliring»). Dette er rett og slett løgn! Da vi las dette var vi undrande om vi hadde vore på same møte?

SP sin gruppeleiar fekk i møtet sjølv via ein i eiga gruppe overbragt beskjed frå Velure om at ho som gruppeleiar måtte instruere gruppa si om at det ikkje var greitt å sitte i eit kommunestyremøte og skratte. Det var på ingen måte vår intensjon å opptre ukorrekt, men i den situasjonen vi var, der ting faktisk tok lang tid; så vart det fleire gonger rom for å småprate og flire om laust og fast. Det var slett ikkje snakk om hånfliring av Høgre sitt val. Det ekstra arbeidet Høgre sette i gang, både i forkant av, under og etter møtet; er snarare til å grine av! Ordføraren innleia med at vi måtte ha respekt for slike val frå enkeltpersonar i kommunestyret ihht kommunelova, ho gav beskjed om at eit forholdstalsval var meir tidkrevjande å handsame enn avtaleval og ho takka alle for stor tålmod med møteleiinga ved møteslutt. Høgre bør kvalitetssikre sine uttalar før dei framsett fleire løgnar.

VI håper vi no kan gå laus på oppgåvene som ligg framfor oss med innbyggjarane sitt beste i fokus. Vi har alle vorte vist ein stor tillit av veljarane, og det er alle politikarar sitt ansvar å forvalte tilliten på best mogleg måte. Det innbyr likevel ikkje til tillit og respekt når Høgre i sin frustrasjon over å ha mista makt og posisjonar tyr til løgn og sverting av enkeltpersonar og parti.

Vi vil tilrå at Lesja Høgre tek ei runde med seg sjølv kvifor valresultatet vart som det vart, i staden for å la frustrasjonen over valnederlaget gå utover alle andre.