– Vi er alle berre menneske

Debatt

Manglande respekt for lovar og reglar har vore eit debattert tema i Dovre ei tid nå. Da må ein kome i hug at det finnes alltid fleire sider av ei sak- og når sannheita er mindre viktig enn å få kritisert andre, da må vi stikke fingeren i jorda og tenkje kva er målet med vårt engasjement; makt for maktens skuld eller makt for å kunne utrette gode handlingar?

Det er lett å bli blenda av store ord og erfaring, men opplevinga av folkeskikk og respekt for at det er mange nye, er tydelegvis fråværande hjå fleire. Vi må byrje å ta konsekvensen av at det er ikkje i økonomien våre største utfordringar ligg, men i den ukulturen i Dovre som har bygd seg opp over tid.

Eg har aldri vore så skuffa over vaksne menneske som eg er etter eg vart ordførarkandidat for Arbeidarpartiet. For kynismen og det politiske spelet står djupt i dovrepolitikken. Det veit vi som køyrde ein politisk retta valkamp og jobba for ein ærleg og realistisk politikk, - vi vart spelt heilt ut på sidelinja. Mange brukte og bruker fortsatt mykje tid på forsøke halde folk under kontroll, med det mål å knekke enkeltpersoner og splitte politiske grupper.

Vi er alle i vald inn fordi nokon har trua på at vi skal væra gode ombudsmenn- og kvinner for Dovre sine innbyggjarar. Men her er det ikkje å gjera sitt beste som gjeld, og å behandle andre med respekt. Her er målet forvirring, uro og setja andre i dårleg ljos, med makt som bakteppe. Vi gjer alle feil og det er berre slik vi menneske er, men så må vi innrømme det og gå vidare.

Skulesaka har for fleire vorte rein prinsippsak, og dei gode argumenta druknar i kritikk av rådmann og posisjon – på vårt andre møte. Og så er det jo det med ordets makt, høyrer vi at vi må leggje ned på grunn av økonomi nok gonger, så trur vi det er slik.
I valkampen fronta eg ærlegheit og openheit, det kjem eg til å halde på. Sjølv om eg vart spelt ut på sist kommunestyre møte og heilt sikkert blir det seinare og. Dei som driv med spel, ryktespreiing og hersketeknikk i politikken i Dovre får stå for dette sjølv og eg håpar at innbyggjarane verkeleg tenkjer over kva som er god politikk og kva som er taktikk.

For vi treng å byggje ei sterkare, meir samla og positiv kommune. Så vil eg som ordførar berømme dei som trufast har gjort jobben sin, men vorte både hetsa, kritisert og haldt nede. Takk for dykkar innsats! Eg veit fleire som slit etter å ha delteke i det politiske livet i tidlegare år, og eg veit dykk har gjort dykkar beste. Vi er alle berre menneske.