Beitesesongen er her

– Eg er redd den stygge statistikken frå Lesja vil fortsette også i år når Miljødirektoratet ikkje evner å utføre tiltak som kan endre dette, seier Eirik Sæther, leiar i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk Lesja og Dovre lokallag.

Det er sju registrerte ynglingar i rovviltregion 3.   Foto: Mona Askerø/ Nynorsk Pressekontor

Debatt

Kalenderen har bikka over til juni, og både graset og elvane veks. Veks gjer også oversikta over jerveynglingar i landet. Per i dag er det 7 registrerte ynglingar i region 3, som er gamle Oppland fylke. Bestandsmålet er 4 ynglingar. På denne tida i fjor var det registrert 8 ynglingar i same region. 100%over bestandsmålet.