Lesjaskog brannstasjon:

Korleis kan ei bygning vera viktig?

Debatt

Eg har lese i Vigga om handsaminga av den nye brannstasjonen på Lesjaskog, og eg meiner det er ufornuftig ikkje å gjere stasjonen klar med funksjonell andre-etasje og lager/garasje når det no endeleg skal byggjast. Det er ufornuftig ut frå eit økonomisk perspektiv. Alle veit at det å gjera noko seinare blir dyrare.