På med bunaden for sjukehus!

Debatt

Frå Kristiansund, til Helgeland og Oslo har bundadsgeriljaen gjort seg synlege med protestar mot sentralisering og auka reiseavstandar for både fødekvinner og alle andre. No må vi seie frå. Innlandet må sikrast sjukehusplanar og investeringsmidlar som trengs for at innbyggjarar i alle delar av fylket får kortast mogleg veg til sitt sjukehus, gode prehospitale tenester og utvikling av lokalmedisinsk senter(LMS).

Helse Sør-Øst har pålagt Sykehuset Innlandet store sparekrav for å kunne realisere nødvendige investeringar som fører til nedbygging av viktige rehabiliteringstilbod og ei svekking av behandlingskapasiteten innan både psykiatri og somatikk. Ingen er tent med at Sykehuset Innlandet må kutte i viktige pasient-tilbod for å klare å investere nytt! Det må i større grad tenkast gjenbruk, slik styret i Helse Sør-Øst allereie har varsla. Saka viser også kor feil helseforetaksmodellen er. SP meiner at sjukehusa må styrast etter ein forvaltningsmodell med folkevald styring av sektoren ikkje som helseføretaksmodell. Sp ynskjer ein ny finansieringsmodell for sjukehus, der store sjukehusinvesteringar blir prioritert av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan og blir fullfinansiert over statsbudsjettet. Vi vil skilje investering og drift slik at sjukehus kan investere i nytt når det trengs.

Sidan 2017 har det kome vedtak om at sjukehuset på Tynset skal bestå med akuttfunksjonar og at Kongsvinger sjukehus går over til A-hus. Målbildet for sjukehus strukturen er endra av Helse Sør-Øst. Det blir nå utreda både eit akuttsjukehus og eit elektivt i tillegg til hovudsjukehuset. Det fører til at den geografiske kabalen blir lagt på nytt. Vi må få ei balansert sjukehusutvikling i heile fylket, både mellom aust og vest og mellom nord og sør, når nye vurderingar peiker på andre løysingar.

Å ha fleire mindre sjukehus i staden for eitt stort, er bra i ein pandemi. Det fekk ein erfare på Helgeland, som lenge planla for eitt storsjukehus, men som no er landa ned på to. To fødeavdelingar i staden for ein stor var viktig då koronaviruset førte til stengt fødeavdeling i Mo i Rana. Og ein ting som ikkje har endra seg, er dei geografiske avstandane. Det er fortsatt like langt frå Lesja til Lillehammer og frå Trysil til Elverum.

Helse Sør-Øst har bestilt ei ny samfunnsanalyse. Den skal ta omsyn til kommunal- og regionalplanlegging som vektlegg reduksjon av transportbehov og prioritering av klimavennlege transportformer, auka fortetting, jordvern og virkninga av sysselsetting og befolkningsstruktur.

For eit år sidan peikte vi i Sp på at dyre sjukehusplanar i Oslo kan ramme Sykehuset Innlandet også økonomisk. Dei neste åra planlegg Helse Sør-Øst investeringar for opptil tolv milliardar kroner kvart einaste år. Det er meir enn dei årlege investeringane til heile Sjukehus-Norge dei siste åra. Helse Sør-Øst forsvarar det høge investeringsnivået med forventningar om at sjukehusdrifta skal bli mykje meir effektiv så fort sjukehusa flyttar inn i nye bygg. Igjen og igjen har vi sett at denne typen forventningar ikkje slår til, og i så fall vil ikkje Helse Sør-Øst ha råd til å gjennomføre utbyggingane i Innlandet som planlagt.

Helse Sør-Øst skal ta nå ta avgjersla om sjukehusstruktur. Derfor må vi av med nisselua og på med bunaden og krevje ein sjukehusstruktur med tenester som vil komme heile fylket til gode og styrke Innlandet i sum.