Gudbrandsdal slakteri:

– Ein ting er i alle fall sikkert: Fatland får aldri kua mi!

– Eg trur vi må slå fast at for bonden både i Gudbrandsdalen og Noreg så er det overordna å ha eit samvirke med mottaks- og forsyningsplikt og ansvar for å regulera marknaden, skriv Sigurd Avdem.  Foto: Privat

Debatt

Som ein av dei 500 kjøttprodusentane i Gudbrandsdalen som meldte positiv interesse for å vera med på å starta eit nytt samvirkebasert slakteri i området vårt, har eg fylgd spent med på kva som skjer. Informasjonen frå arbeidsgruppa har vore minimal, så det vi har fått veta så langt, har vi frå div. oppslag i media. Det blir også spennande å sjå kva kommunestyra i regionen landar på. Engasjementet i denne saka er stort. Alle vil vi gjerne bidra til ei positiv utvikling i dalen og bygda vår. Det viktigaste av alt blir at vi klarar å ta med oss dette positive engasjementet for næringsutvikling framover, uansett kva som blir utfallet i denne saka.

Kva veit vi så langt? Arbeidsgruppa har forlate samvirkemodellen til fordel for eit AS. Kvifor? Sannsynlegvis er dette eit krav frå Fatland og Jæder for å gå inn i dette. I eit samvirke er vi likestilte: ein medlem – ei stemme. I eit AS er det kapitalkreftene som rår, der er det talet på aksjar som gjeld.

Ambisjonane er store: 5% av kjøttmarknaden i Noreg er målet. Dette skal bli Nord- Europas mest effektive slakteri, samtidig som det skal gje 50 – 100 arbeidsplassar… Produkta skal vera kortreiste, basert på unike fjellbeite til ein høg pris, sjølv om vi veit at Fatland er storleverandør til COOP og Norgesgruppa sine eigne merkevarer og marknaden er heile Noreg. Det har alltid vore vanskeleg å få både i pose og sekk.

Når kommunane nå skal ta stilling til denne viktige saka må debatten bli faktabasert. Eg trur vi må slå fast at for bonden både i Gudbrandsdalen og Noreg så er det overordna å ha eit samvirke med mottaks- og forsyningsplikt og ansvar for å regulera marknaden. For kvar prosent av marknaden som går til dei private aktørane, blir det litt verre for samvirket å fylla denne rolla. Alternativet er ein marknad der dei store produsentane i sentrale strok får sikra seg leveringsavtaler, og dei små står att med lua i handa.

Konkurransen i kjøttmarknaden er beintøff. Før ein set i gang denne kjempeinnvesteringa burde det vera sjølvsagt å sjekka ut marknaden. Er det eit slik anlegg det er behov for? Er det ikkje det som er problemet, at det er overkapasitet?

Når Nortura blir kritisert for å effektivisera, så må skytset rettast dit det høyrer heime: mot butikkjedene som stikk av med den største biten av kaka, m.a. gjennom satsinga på eigne merkevarer, som dei prisar opp og ned som dei vil. Eller er det slik at det er ok at Nortura rasjonaliserer, berre det ikkje skjer i Gudbrandsdalen?

Eg trur ikkje det er ei kommunal oppgåve å bygga næringshallar for utleige. Det er ikkje vanskeleg å finna slike mislykka prosjekt, som har kosta kommunane dyrt.

Berre to av 500 positive bønder har trekt seg, les vi i avisa. Det vi sa ja til å støtta, var noko heilt anna enn det vi ser konturane av. Det minste vi må forlanga, er at arbeidsgruppa går ut til bøndene i dalen med dette nye konseptet, og sjekkar kor mange som vil vera med på dette nå.

Ein ting er i alle fall sikkert: Fatland får aldri kua mi!