Ap, ubetinga tru på offentleg regi?

Debatt

Innlandet fylkesting får i desember ei sak om omhandlar all fylkesfinansiert kollektivtransport. Skal vi ha 100% fylkeskommunal regi, eller halde fram som i dag, der vi har avtaler med mange «mindre» kollektivselskap rundt om i Innlandet? Slike transportselskap med fylkeskommunal driftsavtale har vi i distrikt som Midt- Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdalen, Gjøvik/Land og Valdres.

Innlandet fylkesting bestilte ein rapport for å belyse saka, ei sak med mange moment å vurdere.

Bestillinga enda opp med ein rapporten frå firmaet Vista Analyse. Den ligg no på bordet og til grunn når saka kjem til handsaming. Den har belyst mange moment som arbeidsvilkår, økonomi, regularitet og arbeidsplassar. Vista Analyse har konkludert ganske klart, dagens ordning er velfungerande og kostnadseffektiv! Då bør vel saka vera grei, eller? Neidå, den er nok ikkje det.

Innlandet Ap v/Mona C. Stormoen tok saka rett til media då rapporten kom på bordet, nærast rett frå trykkeriet. Rapporten hadde ikkje dei svara Ap håpa på, og samsvara ikkje med det som ligg så djupt i Ap rørsla- ubetinga tru på offentleg regi. Dei såg heller ikkje grunn til å diskutere saka med «samarbeidspartnaren» Sp før saka vart mediestoff, vinkla og fronta etter Ap sin politikk, forståeleg nok. Senterpartiet blir av nestleiar i samferdselsutvalet i IFK, Sjur Strand (Ap) framstilt som den som ikkje har skjønt saka. Han håper Sp kjem etter når dei ser dei rette verdiane. I denne settinga finn Sp det naturleg å kommentere det som kjem til uttrykk.

Noko av den viktigaste jobben vi som politikarar har, er å belyse fleire sider av ein sak. Alle saker har som regel slik vurdering. Så må vi prioritere ut frå den kunnskap vi kan innhente, konsekvensar endringar vil få og den økonomien vi har. Ofte kjem det ein dose ideologi på toppen, som kan bikke saker i alle tenkjelege retningar.

Moment som Sp legg til grunn i saka er vurdert i rapporten frå Vista Analyse, der arbeidsforhold, økonomi og arbeidsplassar i heile Innlandet er belyst og uavhengig vurdert. Arbeidsforholda i dei private selskapa er i rapporten vurdert til å vera innanfor det som er vanleg for bransjen. Det betyr ikkje at alt er godt nok og ikkje treng å endrast eller sjåast på. Sjåførane har kanskje ugunstige arbeidsforhold på somme ruter og enkelte ynskjer seg kanskje heiltid i staden for deltid. Dette er det mogeleg å legge som føringar også ved kjøp av tenester og er ikkje betinga offentleg regi, slik Ap legg til grunn. Så har mange av dei små selskapa ein moglegheit som kanskje ikkje ein fylkeskommune har. Dei har ofte varierte transportoppdrag dei kan fylle ut tida med for å få ein arbeidsdag til å gå i hop, mellom morgon- og ettermiddagstransport med skulekøyring.

Økonomi er ein festbrems som også Innlandet fylkeskommune må forhalde seg til. Vi kan like det eller ikkje like det, men kassa er like full, eller like tom for Ap som for Sp og alle andre parti. Vi må prioritere. Lagar vi ein dyrare kollektivtransport, som også Ap erkjenner det vil bli ved å overta det i offentleg regi, må vi prioritere vekk noko anna. Kva vi då skal prioritere ned eller vekk, har vi ikkje sett så mykje om på trykk i saka, enno…Vi bør også ta med i saka at Fylkesrådmannen har forslag på 15 millionar kutt i denne tenesta i neste års budsjett. Sp, med god støtte frå Ap, vil legge inn att 10 av dei. Det viser kor pressa økonomien er i Innlandet fylkeskommune. Det viser også lite handlingsrom for vesentleg kostnadsauke i kollektivtransporten.

Distriktsarbeidsplassar er moment som heile tida er vektige i Sp sin politikk. Mange av desse mindre busselskapa vil miste mykje av eksistensgrunnlaget sitt ved overgang til full offentleg styring og drift. Desse bedriftene er å rekne som hjørnesteinsbedrifter i mindre kommunar. Det må vektige grunner til for å rive eksistensgrunnlaget vekk for desse selskapa som ledd i ein idealistisk politikk. La oss heller støtte opp og heie fram mindre bedrifter i Innlandet. Vi treng alle vi har og fleire til! Det krev mykje arbeid å bygge opp slike bedrifter og gjort med eit pennestrøk å avvikle dei. Gjev dei same vilkår som vi ville gjort i offentleg regi og dei kan leverer dei same tenestene, med same arbeidsvilkår.

Fylkeskommunale administrasjonsbygg er ikkje noko vi treng å fylle opp utan god grunn. Noko kan vi tross alt støtte opp om rundt i distrikta også. Spesielt når dette kjem rimelegare ut og er like effektivt. La oss bygge Innlandet utan unødig store system i offentleg regi. Store system gjer folk små.

Fylkesrådmannen har gjort ei god vurdering i saka og legg rapporten til grunn (det skulle då berre mangle) La oss støtte den grundige vurderinga som er gjort. Fylkesrådmannen ynskjer no ikkje å bruke tid på endre noko vi har fått klarheit i fungerer godt, i ein tid der vi har meir en nok med å få sydd saman to fylker, tvangssamanslått til eitt. Berre det denne prosessen har kosta, kunne mange køyrt buss for i årevis, gratis. Prioritering, prioritering, prioritering.