DEBATT:

Lesjaskog skule - Gammal lekse om igjen

Debatt

Så var vi her att. Kommunedirektøren i Lesja kommune har kome med eit forslag om å greie ut samanslåing av ungdomstrinna i kommunen (GD.no, 27.11.20). Dette vil i realiteten bety nedlegging av ungdomstrinnet ved Lesjaskog skule. Dette utan at rektorane i kommunen har mottatt signal om at noko slikt har vore på gang. Foreldre, elevar, tilsette og andre har ikkje fått uttalt seg før dette plutseleg vart eit tema i Livsløpsutvalet (30.11.20) og Formannskapet (2.12.20). Livsløpsutvalet strauk, med 4 mot 1 stemmar, innstillinga “Kommunedirektøren utreder muligheter og konsekvenser av å slå sammen skolenes ungdomstrinn.” Senterpartirepresentanten stemte for utgreiing. Formannskapet har derimot stemt for kommunedirektørens innstilling, og vil ha utgreiing om nedlegging av ungdomstrinnet ved Lesjaskog skule. Nå skal saka opp i kommunestyret 16.12.20. SP-representanten som stemte for ei utgreiing, meiner at ein “bør lytte til ungdomstrinnet selv” (Vigga.no, 2.12.20). Når ein les referata frå møta i ungdomsrådet attende i tid, finn ein ingen uttale frå dei om ønske av endring av skulestruktur. I juni 2019 var det derimot fleire Lesjaskog-elevar som aktivt arbeidde for at ungdomstrinnet på Lesjaskog skulle få bestå.