Kollektivtransport i eigen regi eller på anbod i Innlandet?

Debatt

Samfunnet er avhengige av at nokon er med og held hjula i gang slik som våre bussjåførar, bokstaveleg talt. Det er ikkje nokon 9 til 4 jobb og det er ulike oppgåver å løyse frå ordinære rutebussar til skuleskyss.

Fylkeskommunen har gjennomført ei evaluering av noverande anbodsordning av kollektivtransporten og mogleg drift av kollektivtrafikk i eigenregi. Hovudkonklusjonen der var at anbodsordninga er velfungerande og busselskapa har stabil bemanning, og at ein kan styrke sjåførane si stilling innanfor gjeldande anbodsordning. Funna i rapporten var avgjerande for at Senterpartiet støtta fylkesrådmannen i at vi ikkje skal prioritere nye ressurskrevjande rapportar på dette no, i ei tid då vi har meir en nok med å stable den nye fylkeskommunen på føtene.

Det vart ein noko krass debatt i fylkestinget om kva som vil vere den beste løysinga for sjåførane med tanke på anbodskontraktar eller at kollektivtrafikken skal driftast av fylkeskommunen sjølv. Mykje av debatten gjekk på om vi skal tru på vår eigen rapport eller ikkje. Det alle er einige om er at vi sjølvsagt ynskjer at sjåførane skal ha gode arbeidsvilkår. Så er vi noko ueinige i om det automatisk blir løyst ved å ta dette inn i fylkeskommunal regi. Vi kan ikkje løyse alt gjennom offentleg regi.

I Innlandet har vi selskap med mindre kontraktar, som etter unntaksbestemmelsane forhandlar kontraktar direkte med fylkeskommunen. Desse selskapa med lokal administrasjon er svært viktige i sine lokalsamfunn. Dei har fleire funksjonar i distrikta, og gjev store ringverknader for lokalt næringsliv ved kjøp av tenester og varer. Desse mindre selskapa klarar å motverke deltidsstruktur, og tilbyr heile stillingar til sjåførane. Dette klarar dei fordi dei er fleksible og tek andre mindre oppdrag innimellom. Det kan bli langt meir krevjande og dyrare dersom Innlandet fylkeskommune sjølv skal drifte desse rutane i eigenregi. Dersom rutekøyringa, inkludert skuleskyss, forsvinn for desse selskapa, vil også turkøyring dei har avviklast. Man risikerer da også å stå utan lokalt tilbod av turbusstenester. Vi har også større lokaleigde busselskap som kjem direkte under anbudsordninga som vil miste retten til å legge inn anbod på bussrutene. Dette samla vil være et stort tap for lokalsamfunnet.

Senterpartiet slår ring om dei lokale rutebilselskapa og grunnlaget for deira videre eksistens. Det er svært viktig at disse får bestå med alt som det betyr for våre lokalsamfunn; dei tilsette sjølve, lokal verdiskaping og lokale arbeidsplassar. Den utredninga som kjem må ta omsyn til dette, slik at hjørnesteinsbedrifter ikkje blir lagt ned utan grunn.