«Ei bygd er borte»

– Kvifor blir Nord Gudbrandsdal hardare ramma enn andre fjellregioner, undrar varaordførar i Dovre, Guri Ruste.  Foto: Monica Hjelle/Arkiv

Debatt

Ei bygd er borte.

Tittelen er lånt frå lokalavisa Vigga i Nord-Gudbrandsdal. Artikkelen stod på trykk den 13.10.2016 og sette fokus på folketalsutviklinga i fjellregion i Midt Norge. Folketal er viktig for kommunens inntekter da det er grunnlag for statlege overføring. I tillegg er det skatteinntekter og verdiene gjennom handel og aktivitet.

Folketal blir påverka av fødde, døde, innflyttarar og utflyttarar. Artikkelen i Vigga tek tala frå 2000 og fram til 2016. Samla for alle norddalskommune var folketalsnedgangen da 1292, og ingen av kommunene hadde vekst slik som Oppdal, Røros, Tynset og Alvdal. Og nedgangen har halde fram frå 2016 og fram til 2020 sjølv om Skjåk har mist berre 4 innbyggere frå 2016 så har dei andre kommunene mist tilsaman 869 innbyggarar dei siste 4 åra. Tilsaman har Nord Gudbrandsdalen mist 1975 innbyggarar, altså ei bygd på størrelse med Lesja så langt frå år 2000 og fram til nå. Det medfører at region har tapt 128 millioner i statleg overføring i 2020.

Dette gjev grunn for både bekymring og handling. Kvifor blir Nord Gudbrandsdal hardare ramma enn andre fjellregioner? Kva har Oppdal gjort som regiontettstad som gjer at dei er vekstkommune?

Landbruket har gjennomgått store endringar og effektivisering som gjer at behovet for sysselsette har gått ned. Mjølkemaskina er erstatta av roboter, teknologien gjer arbeidet lettare og meir effektivt. Færre mennesker produserer eit større volum. Foredlingsindustrien har same utfordringa og vi opplever stadig endring i strukturer og krav til effektivisering som ikkje fell heldig ut i vår region. Nå sist ved at Nortura Otta vart lagt ned. Slik har effektiviseringa ikkje berre vore positiv men vi må nå tenke korleis kan vi bruke teknologi til å få fleire arbeidsplasser i region.

Vi har gode skuler som er ein viktig faktor nå folk er på flyttefot. Vi har gode vidaregåande skuler og ein høg andel elever på studiespesialisering. Norddalen har vorte ein region som eksporterer arbeidskraft og kompetanse ut. I tillegg til mange andre verdiar som har tilflytt byane gjennom generasjoner

Vi har hatt fleire tilflyttar prosjekt og det er ein tanke deprimerande at vi ikkje har klart å snu trenden. Eg har tenkt mine tanker om sittande regjering og sentralisering. Fram til eg såg på tala frå mi eige bygd Dovre. I Dovre hadde vi 1980 3253 innbyggarar, altså 700 fleir enn i 2020. Nedgangen var større frå 1980 til 2000 enn den har vore etter år 2000. Folketalet gå ned uavhengig av kven som har makta. Vi blir færre og eldre.

Vågå har invitert til utredning av om fleire kommuner bør slå seg frivillig saman. Og debatten går friskt på sosiale medier. Vi bør gå inn i talmaterialet vi har og møte invitasjonen med åpent sinn. Vi har allereie eit omfattande regionsamarbeid og kan regionen utpeike seg spesiell på nokon måte? Vi er valde for å sette innbyggarane og tenestetilbodet i sentrum. Korleis skal vi framover kunne yte dei same gode tenestene som gode barnehager, skuler, helse og omsorgstenester der folket bur om folketalet og inntektene held fram med å synke? Kva tenkjer ungdom og tilflyttarar er viktige verdiar for at dei skal trivast her? Korleis skal vi erstatte ein kvart milliard i tapte skatteinntekter og statlege overføringer?

Kan vi håpe og tru ei utredning av kommunestrukturen i Nord-Gudbrandsdalen vil gje oss fleire svar på alle spørsmåla? Da først vil eg ta standpunkt.